Hopp til innhold

Her kan dei vinne hus og bil om dei tek vaksinen

Austerrike tek i bruk både pisk og gulrot for å få befolkninga til å vaksinere seg. 1. februar er siste frist for å framleis kunne gå på arbeid og vere sosiale.

Salzburg

PROTEST: Ein stille demonstrasjon mot vaksineplikt i Salzburg, Austerrike.

Foto: Maik Reichert / NRK

Ifølgje tal får Ourworldindata er i underkant av 65 prosent av befolkninga i landet fullvaksinert mot covid-19.

Måndag stengde landet ned for å stogge ei ny smittebølgje i landet. Austerrikarane får no ikkje lov til å forlate heimane sine, anna enn for å gå på jobb, handle nødvendige varer og trene.

Styresmaktene har òg innført eit vaksinepåbod frå 1. februar. Dei som ikkje har vaksinert seg innan då, får ikkje gå på arbeid eller delta i det sosiale liv.

Stengde julemarknader

Katarina

Katarina synest det er frustrerande, men nødvendig, med ny nedstenging.

Foto: Maik Reichert / NRK

I Mozarts fødestad, turistbyen Salzburg, er det sterke meiningar for og mot.

Igjen er det stengde butikkar og restaurantar i håp om å slå ned smitten, slik at turistane kan kome attende.

– Kva kan vi gjere når sjukehusa er fulle og når folk ikkje går for å vaksinere seg? Vi kan ikkje gjere noko anna, fortel studenten Katarina.

Julegrana er tend, men den storslåtte årlege julemarknaden vart stengd i siste liten. Buene er spikra igjen og ser ganske så triste ut på torget i Salzburg.

Julemarknad Salzburg

NRK rapporterer ved den stengde julemarknaden i Salzburg.

Foto: Maik Reichert / NRK

Kontroversiell vaksineplikt

I gamlebyen er det heftig diskusjon om det er riktig å tvinge folk til å ta koronavaksine. Austerrike er første land til å krevje at folk tek vaksinen, og det skal skje før 1. februar.

Regina

Regina er skeptisk til å ta vaksinen no.

Foto: Maik Reichert / NRK

NRK møter Regina som fortel ho deltok i ein demonstrasjon mot dette i Wien i helga. Ho vil helst vente nokre år for å sjå om vaksinen er trygg før ho tek den.

Ho meiner det er eit brot mot enkeltmenneske sine borgarrettar:

– Det handlar om fridom, demokrati og sjølvavgjerd! Og det er heilt utruleg kor mykje myndigheitene bryt mot desse prinsippa no fortel ho til NRK.

Studenten Oliver er av ei anna oppfatning:

– Når smittetala stig så mykje og vi verkeleg har fått trøbbel, spesielt når det gjeld mangel på intensivsenger, så er det minste folk kan gjere å vaksinere seg.

Oliver

Studenten Oliver ber folk gå å vaksinere seg.

Foto: Maik Reichert / NRK

Men han vedgår at det er eit betent tema som er vanskeleg å snakke ope om.

Lokkar med bil, hus og elektronikk

Styresmaktene har i haust lyst ut fleire lotteri for å lokke folk til vaksinesentera.

Regionen Burgenland har lodda ut tre bilar, konsertbillettar, ferieturar og elektronikk frå Samsung og Apple, skriv The Local.

Eit nasjonalt lotteri lokkar med hus, ein Volkswagen Golf, pengepremiar og Apple-produkt til dei som tek vaksinen før jul.

For det hastar med å få smittetala ned. Om lag 3000 personar er lagt inn på sjukehus i Austerrike med korona, og det blir no oppretta Triage-nemnder. Dei skal bestemme kven som skal få behandling eller ikkje skulle kapasiteten bli så sprengt at ikkje alle kan få behandling.

Liten kø ved vaksinesenteret

Annika

Annika synest det er bra med vaksinetvang.

Foto: Maik Reichert / NRK

Men det ingen stor kø utanfor det største vaksinesenteret i byen, sjølv om Salzburg er den hardast råka regionen i landet.

Annika er fullvaksinert men er komen for å ta ein tredje dose. Myndigheitene anbefaler det etter fire månadar.

– Det er synd at det har gått så langt. Det hadde vore betre om folk kom frivillig, men eg syns det er bra at det no kjem vaksineplikt.

SISTE NYTT

Siste nytt