Andrew Tate frå pizza-videoen.

Andrew Tate har vore open om kvifor han flytta til Romania i 2017.

Han seier han ville til ein stad der «korrupsjon er tilgjengeleg for alle».

No har rumensk politi plassert han i husarrest saman med broren Tristan.

Der kan han få besøk, lage videoar og legge dei ut på nettet.

Antonella bekymra

Antonella Lerca Duda er bekymra over at Tate får fortsette slik.

Antonella speil

Ho meiner han gjer det farlegare å vere sexarbeidar i Bucuresti.

Tate-effekten

Tate-effekten

Kort tid etter at Andrew Tate først gjekk viralt på sosiale medium, merka Duda ei endring i ein av klientane sine.

Dei hadde møtst annankvar veke i tre månader. Kvar gong tok mannen med seg blomar eller sjokolade. Ofte ville han snakke litt før det kom til stykket.

Duda er transkvinne og driv med aktivisme på sosiale medium. Ein av desse dagane såg ho og klienten derfor på TikToken hennar, som har omtrent 50.000 følgarar.

Antonella dør

Antonella Lerca Duda er påverkar, aktivist og sexarbeidar i Bucuresti.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Mannen ville då vise henne eit anna TikTok-fjes, som han nett hadde oppdaga. Biletet på skjermen sette ein støkk i henne.

– Eg tenkte: «Shit, klienten min ser på Andrew Tate! Det er det verste i verda», seier ho til NRK.

– Eg spurde han om det, for eg ville vite det. «Kvifor følger du han?» Han svarte: «Fordi eg ser at han har masse pengar.»

Dei neste møta endra oppførselen hans seg brått og valdsamt, frå det ho kallar ein «søt mann» til ein slags «alfahann-type».

– Han kasta pengane på bordet og sa: «Du er bitchen min, gjer det eg vil at du skal gjere.»

Antonella sko

Duda seier ho ikkje tek imot klientar som nektar å behandle henne med respekt.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Dette falt ikkje i god jord. Duda var rasande. Mannen unnskylda seg, men ho kasta han likevel ut.

Snart skulle ho finne ut at han ikkje var eit isolert tilfelle, men eksempel på ei større haldningsendring.

– Bensin på bålet

Mykje oftare enn før kjem klientar til Duda med ei forventning om at sexarbeidarar ikkje har kjensler, og er «eit stykke kjøt som ein kan bruke og kaste».

– Tate er farleg, fordi folk som snakkar slik han gjer er farlege. Eg veit frå mine eigne kjelder at han gjer mange dumme ting mot jentene han hadde rundt seg, som å markere dei på kroppen med eld.

– Offera i Romania har ikkje mot til å politimelde, fordi dei er redde for kva resten av samfunnet vil seie. Dei er redde for styresmaktene fordi styresmaktene aldri tek deg på alvor.

Antonella mobil

Duda viser fram eitt av intervjua sine på rumensk TV.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Argumenta Tate kom med var kanskje ikkje nye, men dei helte bensin på bålet av hat som allereie fanst i Romania, seier ho.

Ho er også uroa for at dersom Tate ikkje blir tiltalt for menneskehandel, vil problemet bli større enn det allereie er.

– Vi har allereie desse utfordringane. Vi har mange hallikar som prøvar å ta unge jenter frå landsbygda og sende dei til andre europeiske land for å tene pengar på gata eller i ei leilegheit.

For å motverke havet av Tate-tiradar, som på TikTok er lagt ut av ein hær med fans i staden for Andrew Tate sjølv, starta ho å legge ut svarvideoar.

Då retta brukarane seg mot henne.

Antonella vindauge
Foto: Andras D. Hajdu / NRK

– Dei skreiv: «Eg kjem til å drepe deg.» Men ikkje berre det. Det var «Eg vil surre deg inn i plast og tau og skrive Andrew Tate sitt namn på det.»

– Hans plass er i fengsel. Ikkje i den frie verda. Folk som han veit ikkje kva dei skal gjere med fridomen sin. Dei brukar den mot andre.

30 dagar i husarrest

Tristan og Andrew Tate blei sleppte fri frå varetekt 31. mars, og skal vere i husarrest på adressa si i Bucuresti fram til 29. april.

NRK har nyleg vore til luksus-villaen der dei no må halde seg inne, med mindre ein domstol gir dei lov til å forlate bygget.

Inne på Tate si adresse i Romania.

Meir frå utsida av Tate-brørne sin luksusvilla.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Gjennom sprekkene i gjerdet kan ein sjå vaktene patruljere som før. Ifølge BBC er det svært få grenser for kva brørne kan gjere så lenge dei er på den private tomta.

Dei kan få besøk, legge ut ting på internett, og snakke med media dersom dei vil det.

– Sidan i fjor har eg vore innestengt 24 timar i døgnet, utan tilgang på fellesområdet ute, tvitra Andrew Tate saman med ein video der han går i sirkel og røyker ein sigar.

Han hevdar at han ikkje har sove sidan fengselet.

Bror hans, på si side, tvitra som følger:

– Fire månader utan å ha på meg eit par alligator-sko. Det var eit slit.

Tristan Tate sin kommentar på Twitter.

Tristan Tate sin kommentar på Twitter.

Internett-profilane blei arresterte i desember, og blir etterforska for valdtekt, menneskehandel, kvitvasking av pengar og å ha danna ei organisert kriminell gruppe.

Begge nektar straffskuld, og har ikkje enno blitt tiltalt for noko. Det har heller ikkje dei to rumenske kvinnene som blei arresterte saman med dei.

Politiet i Romania har beslaglagt minst ti eigedommar som høyrer til Tate, så vel som narkotika, videoutstyr og store pengesummar.

Det gjeld også luksusbilane hans, som han skrytte av då han starta Twitter-argumentet med Greta Thunberg.

«Det gjer vondt å vite at du er verdilaus»

Ein av dei som er fan av Tate sitt innhald, er Alex Popa. Han jobbar for det rumenske forsvarsdepartementet, og møter NRK i Bucuresti.

Popa seier at han ikkje trudde på noko av det Tate sa, då videoane først dukka opp i feeden hans sist vår.

Han seier at konverteringa skjedde i tre fasar. Den første kallar han for fornekting.

Alex Popa på rommet sitt

Alex Popa seier det tok nokre månader før han blei overtydd av Tate-videoane.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

– For eit år sidan hadde eg det veldig vanskeleg, fortel han.

– Eg sov, åt meg feit, sov igjen, spelte dataspel, gjorde ingenting eg kom til å sette pris på i framtida.

Han hadde ingen vennegjeng som støtta opp om han, og far hans var i militæret. Derfor hadde dei ikkje kontakt på meir enn 15 år, då han trengde han aller mest, seier Popa.

– Ein mann blir ikkje elska vilkårslaust, det må du vite. Du må forsørgje noko, enten familien din eller samfunnet, og det er smertefullt. Det gjer ekstremt vondt å vite at du er verdilaus.

-

Figurar på guterommet til Alex Popa.

Det var på denne måten han oppdaga, seier Popa, at noko av Tate sitt innhald måtte vere sant. Dermed var han inne i andre fase: overtyding.

– Eg er ikkje 100 prosent einig med han, men kanskje 90, lat oss seie.

Med det stod det berre ein fase att: handling.

– Eg gjekk på treningssenteret, og eg har ikkje hoppa over ein einaste dag sidan. Du kan ikkje sjå det, sjølvsagt, for eg gjorde noko feil med foten min, men det er mykje betre enn det var for eit år sidan.

Krev eit betre tilbod for valdsoffer

Centrul Filia

Andrada Cilibu la merke til at Tate sine idear gjekk frå å vere diskurs til å føre til valdshandlingar.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Centrul Filia er ein av dei største organisasjonane som jobbar for å styrke og verne om kvinner sine rettar i Romania.

Talsperson Andrada Cilibu seier at det religiøse, konservative rumenske samfunnet, der mannen ofte er sett på som sterkare enn kvinna, er ein plass der Tate si rørsle «fekk slå rot».

– På eit tidspunkt merka vi frå media at rørsla ikkje berre dreidde seg om samtalar, men også nærma seg valdshandlingar. Det var då vi blei uroa.

– Det er ganske overveldande når du ser på tala, kor mange folk som fekk tilgang på innhaldet til Tate og kva dei hadde å seie om det. Vi har ikkje så mykje ressursar, men vi prøvar å motverke denne diskursen ved å vise solidaritet med offera.

Romania har ingen tenester på plass som kan hjelpe folk som har opplevd seksuell vald, og eit avgrensa tilbod når det gjeld offer for menneskehandel, seier ho.

Centrul Filia sitt lokale i Bucuresti.

Kontorlokalet til Centrul Filia i Bucuresti.

Foto: Andras D. hajdu

Dei har også ei rekke senter for kvinner som har flykta frå vald i heimen som ikkje har noko statleg budsjett, legger ho til.

– Vi treng å vere merksame på omfanget dette fenomenet har på sosiale medium. Eg håpar at EU vil legge eit betre lovgrunnlag for digital tryggleik.

– Eg trur at med eit godt samarbeid, mellom staten og den sosiale rørsla som vi har her i Romania, kan motverke den diskursen. Det ville vore det aller beste.