Hopp til innhold

- Fritt fram for å drepa kristne

Ei al Qaida-gruppe i Irak har erklært kristne som ”berettiga mål” etter at ei kyrkje i Egypt skal ha halde to kvinner som konverterte til islam i fangenskap.

Kyrkje i Kairo

Ein politimann patruljerer utanfor ei koptisk kyrkje i Kairo, Egypt etter trugsmål frå irakisk al Qaida.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

I ei kunngjering på internett skriv Den islamske staten Irak (ISI) at utpeikinga av kristelege menneske som skyteskiver er berettiga, fordi den kristne kyrkja i Egypt ikkje overheldt tidsfristen dei hadde fått til å lauslata kvinnene.

«Alle kristelege senter, organisasjonar og institusjonar, leiarar og etterfølgjarar er berettiga mål for mujahedinen, kvar enn dei oppheld seg», heiter det i kunngjeringa, ifølgje AFP.

Stod bak kyrkje-blodbad

Gruppa seier dei står bak gisseltakinga i ei kyrkje i Bagdad søndag, der 46 kyrkjegjengarar mista livet. Dei hevdar at føremålet med blodbadet var å få sett fri fleire konverterte som angiveleg sit i fangenskap i egyptiske kloster.

« La desse avgudsdyrkarar og deira leiar, den hallusinerande tyrannen i Vatikanet, veta at det drepande sverdet ligg over nakkane deira fram til dei kan bevisa at dei ikkje er medskuldige i det hundane i Egypt driv med», seier ISI i den siste kunngjeringa si.

– Kristne må fremja krav

Gruppa har også framsett krav om at kristne må bidra til at dei fanga kvinnene i Egypt vert setne fri.

Kvinnene, som angiveleg vert haldne med makt etter å ha endra gudstrua si, skal vera konene til koptiske prestar, ifølgje ISI.

Kristen minoritet

Egypt vart gradvis islamisert og arabisert etter at muslimske araberar erobra landet på 600-talet. Kairo er framleis eit religiøst og intellektuelt sentrum i den sunni-muslimske verda.

Den koptisk-ortodokse kyrkja er det største kyrkjesamfunnet i dagens Midtausten, og samlar om lag sju prosent av befolkninga.

Kopterar utgjer om lag ti prosent av den egyptiske folkesetnaden på 80 millionar menneske.

SISTE NYTT

Siste nytt