Hopp til innhold

Al Qaida bak Bagdad-terror

Ei gruppe knytt til Al Qaida har teke på seg ansvaret for terrorbombene i Bagdad tysdag, der 112 menneske vart drepne.

112 menneske omkom i bombeangrepa i Bagdad 8. desember.

1. 112 menneske omkom i bombeangrepa i Bagdad 8. desember.

Foto: Hadi Mizban / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Bagdads sikkerhetssjef fikk sparken

LES OGSÅ: Over 100 drept i bombeangrep i Bagdad

LES OGSÅ: Seks skolebarn drept i eksplosjon

LES OGSÅ: Færre drept i Irak

425 menneske vart såra i angrepa tysdag.

«Tredje angrepsbølgje»

Gruppa, som kallar seg «Den islamske staten Irak», lovar fleire liknande angrep i tida som kjem.

Det amerikanske organet SITE, som overvakar militante islamistar, har funne desse opplysningane på ein islamistisk nettstad. Al Qaida-gruppa kallar dei samordna bombeangrepa tysdag for si «tredje bølgje» av angrep.

Den same gruppa har tidlegare teke på seg ansvaret for ein dobbel sjølvmordsaksjon 25. oktober, retta seg mot to regjeringsbygningar i den irakiske hovudstaden. Her vart 155 menneske drepne.

«Den islamske staten Irak» tok også på seg ansvaret for to sjølvmordsangrep mot regjeringsbygningar 19. august, som tok livet av 95 menneske.

Islamsk lov

Den Al Qaida-tilknytte gruppa gjer det klart at dei vil halde fram angrepa heilt til det er innført islamsk lov i Irak.

Iraks statsminister Nuri Al Maliki tok i går sterk avstand frå det han kalla utalandsk støtte til terroraksjonane. Ein av statsrådane hans, Jihad Al Jabiri, var mindre forsiktig og sa at terroristane hadde støtte frå regjeringane i Syria og Saudi-Arabia.

SISTE NYTT

Siste nytt