Hopp til innhold

«Rømt» luftskip på landjorda igjen

Eit militært luftskip med avansert radarutstyr om bord sleit seg frå fortøyingane og flaug ute av kontroll i fleire timar før det tok bakken i delstaten Pennsylvania ved 21-tida norsk tid.

Slik flaug luftskipet over Pennsylvania i dag.

Det militære luftskipet slik det flaug over Pennsylvania i dag.

Foto: Susan Switzer / Ap

Nyheitsbyrået Reuters melder at bakparten av luftskipet nådde bakken først, og at resten av fartøyet landa eit stykke unna.

Det amerikanske militæret stadfestar at luftskipet no er på bakken i Montour County i Pennsylvania. Ingen er skadd, og det er heller ikkje meldt om materielle skadar.

– Luftskipet er på bakken i Montour County. Det er temmeleg landleg der ute, seier John Thomas, ein talsmann for styresmaktene i Columbia County til Reuters. Han stadfestar at luftskipet har kutta fleire kraftleidningar, og at fleire tusen er utan straum.

Kutta kraftleidningar

Augevitne fortel at den fleire tusen meter lange festekabelen til luftskipet har hengt ned, og at denne skal ha kutta kraftleidningar fleire stader. Det lokale kraftselskapet PPL i Pennsylvania opplyser at nesten 30.000 kundar er utan straum.

Delstatspolitiet i Pennsylvania stadfestar overfor nyheitsbyrået Ap at dei har fått fleire meldingar til naudsentralen 911 om luftskipet, men dei kan ikkje gi fleire detaljar.

Militær luftballong brult til overvåking av USAs østkyst slet seg i dag.

VIDEO: Militært luftskip på ville vegar.

To F16-fly

Det amerikanske forsvaret sende opp to F16-fly for å følgje luftskipet, som sleit seg frå fortøyingane ved det militære anlegget Aberdeen Proving Grounds i delstaten Maryland. Det er uklart kva som er årsaka til at luftskipet sleit seg.

Dei sivile luftfartsstyresmaktene vart varsla for å unngå at sivile fly kom i nærleiken av luftskipet.

Den avanserte elektronikken om bord i luftskipet skal oppdage innkomande rakettar som er retta mot USA.

Det er uklart kva som er årsaka til at luftskipet sleit seg.

Amerikansk militært luftskip har slite seg i Maryland.

Eit militært luftskip har slite seg frå fortøyingane ved eit anlegg i delstaten Maryland. Biletet er frå mai i år.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt