Hopp til innhold

Iransk fjernsyn «kledde på» Michelle Obama

Det statlege iranske nyheitsbyrået Fars meinte Michelle Obama var for dristig kledd under Oscar-seremonien, og manipulerte like godt inn litt meir klede for å gjere henne meir anstendig.

Michelle Obama påkledd i Iran.

Slik vart Michelle Obama påkledd av det iranske statlege nyheitsbyrået Fars.

Foto: Ap

Den amerikanske presidentfrua deltok på videolink under utdelinga av prisen for beste film, som gjekk til den amerikanske produksjonen Wikipedia . Filmen handlar om seks amerikanske gislar, som greidde å flykte frå den okkuperte amerikanske ambassaden i Teheran i 1979.

Dette var for sterk kost for det iranske folk.

Dette synet var for sterkt for det iranske folk, meinte nyheitsbyrået Fars.

Foto: Chris Pizzello / Ap

Kjolen Michelle Obama hadde på seg hadde viste dei berre skuldrene hennar, og hadde det vi ville kalle ei moderat utringing. Men slik kunne ho ikkje sleppast laus på det iranske folket, meinte Fars.

Dekte skuldrene

Ved hjelp av Photoshop-teknologi har dei greidd å få kjolen hennar til å dekkje over skuldrene hennar, og den vesle utringinga er fjerna fullstendig.

Det statlege iranske fjernsynet viste også bilete frå Oscar-utdelinga, men her vart dei nakne delane av kroppen til den amerikanske førstedama manipulerte slik at dei ikkje var synlege.

Både det statlege fjernsynet og Fars brukte Michelle Obama si rolle i utdelinga av Oscar-prisen som bevis for at filmen er laga med økonomisk støtte frå amerikanske styresmakter.

Biletet under viser Michelle Obama slik ho verkeleg var.

Biletet under viser Michelle Obama slik ho stod fram under Oscar-utdelinga. Biletet over viser korleis ho såg ut etter at Fars hadde kledd på henne.

Foto: Chris Pizzello / Ap

– Reklamefilm for CIA

Iranske tenestemenn har kalla Oscar-vinnaren for ein rein reklamefilm for den amerikanske etterretningstenesta CIA.

Det var etter den islamske revolusjonen i 1979 at den amerikanske ambassaden i Teheran vart okkupert av aktivistar. Det gamle regimet var sterkt USA-venleg, men dette tok ein brå slutt då sjahen vart tvungen til å flykte frå landet.

Plakat med ayatolla Ruhollah Khomeini

Ayatolla Khomeini blir framleis dyrka som ein helt i Iran, 34 år etter revolusjonen i 1979.

Foto: ATTA KENARE / AFP

Ayatolla Khomeini vende tilbake frå eksil i Frankrike, og han var den første leiaren for det nye prestestyret i landet.

Heldt gislane i 444 dagar

66 amerikanarar vart tekne som gislar inne i ambassadebygningen i Teheran i 4. november 1979. Dei vart haldne der i godt over eitt år, 444 dagar for å vere nøyaktig. Dramaet vart ikkje avslutta før 20. januar 1981, ifølgje Wikipedia .

Det var ein gjeng islamistiske studentar som gjennomførte okkupasjonen som ein protest mot USA, og dei hadde opphavleg ikkje tenkt at okkupasjonen skulle vare så lenge.

Så viste det seg etter kvart at det nye iranske regimet fann det føremålstenleg å halde dei amerikanske gislane, og dermed trekte det ut i langdrag før det kom til ei løysing der dei vart sette fri.

Forholdet mellom Iran og USA har vore svært dårleg sidan.

LES OGSÅ: Gisseldramaet i Teheran

LES OGSÅ: - Sentral i gisselaksjon

SISTE NYTT

Siste nytt