– Val i Libya innan åtte månader

Libya skal halda val til ny nasjonalforsamling innan åtte månader, lovar statsminister Mahmoud Jibril.

Mahmoud Jibril, Libya gaskaboddosašráđi stáhtaministár

Mahmoud Jibril har fungert som Libyas statsminister og utanriksminister etter at Gaddafi vart styrta. No lovar han val i Libya innan åtte månader.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

I 42 år har det libyske folket levd under diktaturet til Muammar Gaddafi. No får dei snart høve til å gå til valurnene og sjølv velja kven som skal styra Libya.

– Det nasjonale overgangsrådet i Libya kjem til å lysa ut val til ei ny nasjonalforsamling innan åtte månader, opplyser Jibril under eit besøk på Verdas økonomiske forum (WEF) i Jordan laurdag.

Folkeavstemming om ny grunnlov

Dei folkevalde vil deretter få to oppgåver: å laga eit utkast til ei ny grunnlov for Libya, og å få på plass ei overgangsregjering.

– Folket skal få høve til å røysta over utkastet til ny grunnlov. Overgangsregjeringa skal rå fram til det første presidentvalet blir skipa til, fortel den libyske statsministeren.

På torsdag vart den tidlegare diktatoren i landet, Muammar Gaddafi, teken til fange og drepen i heimbyen Sirte.

Leiarane i Det nasjonale Overgangsrådet i Libya har varsla at dei vil koma med ei fridomserklæring søndag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt