Hopp til innhold

– Svenske asyl-tiltak vil sende sjokkbølgjer gjennom Europa

Sveriges statsminister Stefan Löfven (S) la i dag fram fleire tiltak som skal minske asylstraumen til landet. Medisinsk alderskontroll og mellombels opphald for einslege mindreårige asylsøkjarar er blant dei kontroversielle tiltaka.

Åsa Romson og Stefan Löfven.

Statsminister Stefan Löfven (S) og visestatsminister Åsa Romson (MP) la i dag fram fleire tiltak som skal bremse asylstraumen til Sverige.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

– Eg trur dette kjem til å sende sjokkbølgjer i Sverige og Europa, seier Åsa Romson, talskvinne for Miljøpartiet og visestatsminister i samarbeidsregjeringa mellom Socialdemokraterna (S) og Miljøpartiet (MP).

Ho seier likevel at ho er glad for at det er ei sosialdemokratisk regjering som legg fram desse tiltaka, fordi dei borgarlege truleg ville ha lagt fram endå meir vidfemnande tiltak. Romson var svært prega av å måtte leggje fram dei kontroversielle tiltaka.

Tidsavgrensa opphald

I forslaget frå den svenske regjeringa blir det foreslått å gi tidsavgrensa opphald for alle med behov for vern, bortsett frå kvoteflyktningar. det blir gjort unntak for born og barnefamiliar som har levert søknad om opphaldsløyve før nyordninga trer i kraft.

Den svenske regjeringa vil også avgrense retten til familiegjenforeining og skjerpe kravet til forsørging.

I forslaget blir det også opna for fleire ID-kontrollar på bussar og tog på grensa. Målet er å setje andre EU-land under press til å ta større ansvar for flyktningsituasjonen, melder SVT .

– No må fleire søkje asyl og bli tilbode asyl i andre land, sa statsminister Stefan Löfven (S).

Forslaga skal tilpassast EUs minimumsnivå, og dei nye tiltaka er førebelse i inntil tre år.

Klipp frå PK i Stockholm

VIDEO: Stefan Löfven om innstrammingar i svensk innvandringspolitikk.

– Drastiske tiltak

Åsa Romson (MP) skildrar situasjonen med flyktningar og asylsøkjarar i Sverige som svært vanskeleg, både for landet og for partiet hennar. Ho kallar tiltaka som no blir lagde fram for drastiske, og ho tok nesten til tårene når ho fekk spørsmål om saka på pressekonferansen.

– Vi innfører desse tiltaka fordi vi trur på eit humanitært flyktningmottak som fungerer. No må resten av Europa ta ansvar, sa Romson blant anna.

Ifølgje Aftonbladet kom det 8015 asylsøkjarar til Sverige sist veke, dei fleste frå Syria og Afghanistan. Knapt ein firedel av desse, 1689, er einslege mindreårige, dei fleste frå Afghanistan.

Ynskjer brei støtte

Stefan Löfven gjorde det klart at regjeringa vil prøve å sikre breiast mogleg støtte i Riksdagen for forslaget.

– Vi kjem til å invitere alle partia som var med på den førre migrasjonspolitiske avtalen til å bli med på samtalar om. Seinast i går gjekk leiaren i Moderaterna, Anna Kinberg Batra, ut og kravde nye samtalar om ein ny migrasjonsavtale.

Solberg forstår svenskenes grensetiltak

SISTE NYTT

Siste nytt