Hopp til innhold

– Spesielt at det eksploderer ved målområdet

Det 42 kilometer lange maratonløpet er ei svært vanskeleg øving å sikra, men det er spesielt at det eksploderer i målområdet på Boston Marathon, seier ein ekspert på terror og idrettsarrangement.

ADDITION Boston Marathon Explosions knocked down runner

Dei to eksplosjonane skjedde med få sekundars mellomrom ved målområdet for Boston Marathon, om lag tre timar etter at vinnarane hadde kryssa mållinja.

Foto: John Tlumacki / Ap

Andreas Selliaas

Seniorrådgjevar Andreas Selliaas i Nucleus har forska på idrett og terrorisme.

Idrettsarrangement har ikkje vore offer for veldig mange terroraksjonar i den vestlege verda, fortel seniorrådgjevar i Nucleus, Andreas Selliaas. Han har bakgrunn som NUPI-forskar med idrett og terrorisme som sitt spesialfelt.

– Høgt profilerte idrettsarrangement, som OL, VM og cupfinalar, er veldig godt sikra og vanskelege å råka. Trugsmål har det likevel kome, og åtak har blitt avverja. Slikt sett kan eit maraton vera eit meir attraktivt mål fordi det ikke er like høgt profilert og lettare tilgjengeleg dersom ein ønskjer å skada nokon eller å fremja eit politisk mål, opplyser Selliaas.

Har styresmaktene i USA teke for lett på tryggleiken under Boston Marathon?

– Nei, det er vanskeleg å seia. Det spesielle her er at det smell ved målområdet. Der er tryggingsopplegget strengare enn elles i løypa, for at til dømes borgarmeisteren og andre profilerte personar skal kunne koma dit. Området blei grundig undersøkt i forkant av løpet. Ein kan berre spekulera i korleis det var mogleg å plassera bomber der, seier seniorrådgjevaren.

– Mange tok feil 22. juli

Jan Oskar Engene

Jan Oskar Engene er statsvitar og førsteamanuensis Jan Oskar Engene ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB).

Foto: Universitetet i Bergen

Amerikanske styresmakter, etterforskarar og terrorekspertar er førebels i villreie om kven som kan stå bak bombeeksplosjonane i Boston måndag.

FBI opplyste i ei kunngjering måndag at «det er for tidleg å slå fast kva som er motivet bak». Det kvite hus kallar det ei terrorhandling, og FBI-agent Richard DesLauriers seier dei står overfor ei «potensiell terror-etterforsking».

Tenestemenn som Reuters har snakka med framhevar minst to motstridande teoriar: ein amerikansk høgreekstremist eller ytterleggåande islamistar.

– All erfaring viser at me må vera forsiktige med å spekulera i startfasen av ein slik situasjon. Me kan jo tenkja tilbake til situasjonen 22. juli her i Noreg. Veldig mange tok feil om kven som stod bak, inkludert media og ekspertar, seier statsvitar og førsteamanuensis Jan Oskar Engene ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen (UiB).

Video fra like etter eksplosjonene.

VIDEO: Sjå dei første bileta frå eksplosjonane i Boston.

Vanskeleg å sikra 42 km lang løype

Engene har forska mykje på terrorisme, men ønskjer på eit så tidleg tidspunkt ikkje å koma med vurderingar rundt kven som står bak og korleis det var mogleg å gjennomføra eit slikt åtak på amerikansk jord.

– Slike ting kan skje i nær sagt alle moderne opne samfunn. Det har me sett døme på, ikkje berre i USA, men også i vår del av verda og i Noreg. Det finst flusst av potensielle mål for den som ønskjer å gjennomføra terror. Det er vanskeleg for styresmaktene å ha kontroll over alt og alle, seier Engene.

Ekspert på idrett og terrorisme, Andreas Selliaas, understrekar at maraton er ein av dei vanskelegaste øvingane å sikra.

– Det er til dømes lettare å sikra ein ishockeyhall enn ei maratonløype. Distansen er så lang, og det er enormt mange deltakarar og tilskodarar. I dette løpet var det 26.000 som stilte til start. Om ein ønskjer å skada mange og skapa stor frykt er dermed maraton og massemønstringar attraktive mål.

Pakistansk Taliban avviser innblanding

ATHLETICS-MARATHON/BOSTON-BLAST Runners continue to run towards the finish line as an explosion erupts at the finish line of the Boston Marathon

Fleire maratondeltakarar var i ferd med å kryssa mållinja då bombene gjekk av.

Foto: STRINGER Dan Lampariello / Reuters
Pakistansk Taliban kom fort inn i spekulasjonane på grunn av sine fiendtlege haldningar mot alliansen mellom USA og Pakistan. Terrorgruppa har truga med å angripa USA, og tok på seg ansvaret for ei feilslått bilbombe ved Times Square i sentrum av New York i 2010.

Ein talsmann avviser tysdag at pakistansk Taliban har noko som helst med dei dødelege Boston-bombene å gjera.

– Me meiner det er riktig å angripa USA og USA sine allierte, men me
er ikkje innblanda i dette åtaket, seier Ehsanullah Ehsan til AFP.

Einskilde terror-kunnige peikar samstundes på at landsmenn har stått bak andre åtak på amerikansk jord:

  • Oklahoma-bombaren Timothy McVeigh tok livet av 168 menneske i 1995
  • Eric Robert Rudolph vart dømd for den dødelege Olympic Park bomba under sommar-OL i Atlanta i 1996
  • «Unabombaren» Theodore Kaczynski som drap totalt tre personar ved å senda brevbomber til mål i USA ein periode på nesten 20 år.

Inneheldt kuler og splintar for maksimal skade

Amerikanske styresmakter oppmoda folk om å halda seg innandørs på grunn av faren for fleire eksplosjonar etter at det small to stader med få sekundars mellomrom i nærleiken av målområdet for maratonløpet måndag kveld.

Politiet granskar heile den 42 kilometer lange maraton-løypa og området rundt for udetonert sprengstoff og spor som kan føra dei nærmare den eller dei som står bak.

Så langt har politiet stadfesta funn av éi udetonert bombe. Restar frå dei to ladningane, som skal ha eksplodert i søppelbøtter, viser at krutt var brukt som sprengstoff, opplyser ein anonym høgståande tenestemann til nyheitsbyrået Reuters tysdag.

Innretningane inneheldt også kulelager og splintar for maksimal skade, ifølgje tenestemannen.

Boston Marathon Explosions

Tre vart drepne og 144 såra i dei to bombeeksplosjonane i Boston måndag. Ein åtte år gammal gut er blant dei drepne.

Foto: David L. Ryan / Ap

– Fleire småskala, heimedyrka åtak

Terroranalytikaren til den amerikanske TV-stasjonen NBC News, Evan Kohlmann, seier typen sprengstoff som er brukt kan gje etterforskarane kunnskap om dei ser etter ein einsam ulv busett i USA eller eit terrornettverk med finansiering utanifrå.

– Det er vekt på mjuke mål no. Me er på veg vekk ifrå dei massive åtaka og mot småskala, heimedyrka åtak, seier Kohlmann.

Statsvitar Engene ved UiB understrekar at terroren 11. september 2001 var eit unnatak.

– Dei aller fleste terroråtak i verda er små, avgrensa åtak som tek få eller ingen liv. Eksplosjonane i Boston i går var tross alt dødelege, men små samanlikna med 11.september, seier Engene.

Bombeeksplosjonane under Boston Marathon fører til ei skjerping av tryggingstiltaka før London Marathon på søndag.

Politiet seier dei vil gå gjennom tryggingsplanen sin på nytt, og vurdera tryggleiken i samarbeid med arrangøren.

SISTE NYTT

Siste nytt