Hopp til innhold

– Signerer felles erklæring om Ukraina

Ukraina, Russland, Frankrike og Tyskland er samde om ei felles erklæring der dei støttar sjølvstendet og den territorielle integriteten til Ukraina, ifølgje ei kjelde i den ukrainske delegasjonen.

Francois Hollande, ANgela Merkel og Petro Porosjenko i Minsk

Statsoverhovuda i Russland, Ukraina, Tyskland og Frankrike skal ha blitt einige om ein våpenkvileavtale under forhandlingar i kviterussiske Minsk. Frå venstre: Francois Hollande, Angela Merkel og Petro Porosjenko.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Den såkalla kontaktgruppa for Ukraina skal førebu eit separat dokument kor dei skal plikta seg til våpenkvileavtalen som vart signert i september i fjor, seier kjelda til nyheitsbyrået Reuters.

Kontaktgruppa inkluderer russiske og ukrainske styresmakter i tillegg til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

Opplysinga er ikkje stadfesta av offisielle kjelder. Også tysdag blei det meldt at det var semje om våpenkvile, men det viste seg å ikkje vera riktig.

Framleis kampar i Aust-Ukraina

– Så langt er det for tidleg å snakka om ein våpenkvile, i alle fall med tanke på morgondagen, sa dei prorussiske separatistane sin forhandlingsleiar Denis Pusjilin i Minsk seint tysdag kveld.

Frankrike sin president François Hollande, Tyskland sin statsminister Angela Merkel, Ukraina sin president Petro Porosjenko og Russland sin president Vladimir Putin er onsdag i den kviterussiske hovudstaden Minsk for å meisla ut ein våpenkvile for Aust-Ukraina.

Samstundes held dei prorussiske opprørarane fram med sin bakkeoffensiv mot regjeringa sine styrkar i aust med full styrke.

Onsdag vart minst to personar drepne då ein granat trefte eit busstopp i byen Donetsk

SISTE NYTT

Siste nytt