Hopp til innhold

– Me kan ikkje stole på det Eritrea seier

– Denne rapporten er ei grundig stadfesting av dei massive og systematiske menneskerettsbrota som skjer i Eritrea, seier Eritrea-ekspert Kjetil Tronvoll om den nye FN-rapporten om Eritrea.

ERITREA HORN OF AFRICA WAR

Ein mann vaier med det eritreiske flagget under feiringa av Eritreas nasjonaldag i 2000. Sidan den gong har det kome stadig færre bilete ut av landet, samstundes som landet har blitt stadig meir autoritært.

Foto: JEAN-MARC BOUJU / AP

Kjetil Tronvoll professor ved internatioanl law and policy institute

Kjetil Tronvoll er Noregs fremste ekspert på Eritrea. Han er ikkje sjokkert over det som kjem fram i rapporten frå FNs høgkommissær for menneskerettar i dag.

Foto: Eva Marie Strand / NRK

Tronvoll, som er professor og som leiar senteret for Afrika-studium ved International Law and Policy Institute (ILPI), er for tida på reise i Tanzania. Men har likevel teke seg tid til å lese eit samandrag av FNs høgkommissær for menneskerettar sin nyaste rapport om Eritrea.

Rapportørane var aldri i Eritrea

I rapporten får det austafrikanske landet kraftig kritikk for gjentatte brot på menneskerettane, og det er få teikn på at tilhøva for menneskerettar har blitt betre dei siste åra.

Jøran Kallmyr (Frp) foran FNs kontor i Eritreas hovedstad Asmara

Statssekretær Jøran Kallmyr var mellom anna innom FN sitt kontor då han var i Eritrea førre veke. FN sine observatørar, som skal rapportere om menneskerettane i landet, fekk aldri svar då dei ville komme på besøk eller få til eit samarbeid.

Foto: Privat

– Det var ingenting nytt som kom fram i meldinga. Dette har vore kjent av analytikarar og forskarar som har følgt landet i mange år, seier Tronvoll, som meiner at rapporten berre er nok ei stadfesting på at det framleis skjer grove og systematiske brot på menneskerettane i Eritrea.

Dei som står bak FN-rapporten har ikkje fått lov til å reise inn i Eritrea, men det gjer ikkje rapporten svakare, meiner Tronvoll.

– Dei har intervjua hundrevis av eritreiske flyktningar, dei har fått inn tusenvis av vitnemål, dei har snakka med forskarar som har kjent landet i over tjue år, dei har gjort ei massiv datainnsamling for å dokumentere desse brota.

SJÅ VIDEO OM ERITREA:

Video Diktaturet i Eritrea

– Ingen bevis for at det er betring

Representantar for den norske regjeringa har nyleg vore på reise til Eritrea, der dei mellom anna skal kartlegge om det er forsvarleg å sende eritreiske asylsøkarar tilbake til landet.

Eritreas president Issaias Afeworki

Eritreas president Issaias Afeworki haustar ikkje mykje ros hos FN og andre organisasjonar. Han har styrt Eritrea sidan landet vart sjølvstendig i 1993.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Det er informasjon om at landets omstridde og brutale militærteneste skal bli mjukna opp som har fått den norske regjeringa til å starte samtalar med eritreiske styresmakter, og i førre veke var statssekretær Jøran Kallmyr i hovudstaden Asmara, for å gjennomføre samtaler.

– Me har framleis ingen bevis som underbygger ein påstand om at menneskerettstilhøve er på betringas veg. Det er utsegn frå regimets representantar som sjølv påstår dette, men det er ingen uavhengig analyse eller undersøking som stadfestar at dette er tilfelle, seier Tronvoll.

– Kan ikkje stole på dei

Han åtvarar mot å stole på eritreiske styresmakter.

– Gjennom 25 år ved makta, så er dei ein ting me veit sikkert: At me ikkje kan stole på utsegn frå styresmaktpersonar i Eritrea om politisk liberalisering, menneskerettar og oppbygging av ein rettsstat i landet, seier Tronvoll.

Han meiner det på generelt grunnlag kan vere bra med samtaler for å prøve å få andre land til følge internasjonale menneskerettar, men at det i så fall er viktig å sjå på landets karakter og framgangsmåte.

– Nivået av menneskerettsbrot i Eritrea bør vere eit bakteppe og ei føring for slike samtaler. Og når me ser at nivået av menneskerettsbrot er så systematisk og massivt som det blir sagt i denne rapporten, så det er eit normativt og etisk spørsmål om ein skal inngå i den type samtaler med styresmaktene i Eritrea, meiner Tronvoll.

SISTE NYTT

Siste nytt