Hopp til innhold

– Joseph Kony vil overgi seg

Presidenten i Den sentralafrikanske republikk har for tida mange problem å ta tak i. Eit av dei er Joseph Kony. No ser det ut til at han får lov til å busette seg i landet, men presidenten hevdar også at Kony er i dialog om å overgi seg.

Netherlands International Criminal Court

Dusøren til den som klarer å fange Joseph Kony er 30 millionar kroner. Mannen er ettersøkt av Den internasjonale straffedomstolen, og skulda for overgrep, drap og plyndring.

Foto: STR / Ap

– Joseph Kony har spurt om å få busette seg i byen Yalinga i Haute-Kotto, og søknaden er førebels innvilga, sa ein talsmann for regjeringa i Den sentralafrikanske republikk i dag.

Styresmaktene i landet hevdar dei også er i samtalar med Kony, og at det er snakk om at han vil overgi seg. USA gjekk i kveld ut og kalla påstandane om dialog for lite truverdige, og at det ikkje finst noko grunn til å tru at Joseph Kony er ein del av desse samtalen.

CENTRAFRICA-UNREST-FRANCE-UN-FILES

Michel Djotodia tok makta i Den sentralafrikanske republikk gjennom eit kupp. No har han gitt Joseph Kony få bu i fred i landet, inntil vidare.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Vesle Joseph var som ung ein katolsk altergut, men er i dag kjent som mannen som har syte for terror i fire land i hjartet av Afrika. I tre tiår har mannen fått halde på som leiar av Herrens Motstandshær, ei gruppe som ønskjer å etablere ein stat basert på Konys litt spesielle tolking av Bibelen.

Små gutar vert kidnappa medan dei søv, og gjort til barnesoldatar. Små jenter vert jakta for å fungere som sex-slavar. Grove menneskelege overgrep, drap, tortur. Det er ikkje utan grunn at Joseph Kony dei siste åra har blitt jakta av amerikanske spesialstyrkar.

– Kony bad om hjelp

Det har lenge vore mistenkt at Kony held seg i Den sentralafrikanske republikk. Tidlegare har han halde seg i Nord-Uganda og Aust-Kongo, men ustabiliteten i Den sentralafrikanske republikk er å føretrekke for ein mann som er på flukt.

No kan det sjå ut til at landets president, som sjølv har svin på skogen, vil la Kony få vere i fred.

– Presidenten fortalde oss at han hadde vore i kontakt med Kony. Han sa også at han hadde sendt 20 sekker med mat. Han la til at Kony hadde ringt og bedd han om dette, seier FN si spesialutsending når det gjeld Herrens motstandshær, Abou Moussa, til nyheitsbyrået AFP.

Spekulasjonane går kring Konys helsetilstand, som for tida skal vere særs dårleg. Men dårleg helse eller ikkje, innbyggjarane i Yalinga har uttrykt sterk misnøye med avgjersla om å la Kony få busette seg i landsbyen.

Opprørshær herjar landet

FN har åtvara president Djotodia mot å samarbeide med Kony. Men Joseph Kony er heller ikkje det einaste problemet som Djotodia har for tida. Sidan Djotodia tok over makta i Den sentralafrikanske republikk i mars i år har situasjonen forverra seg mykje.

Opprørshæren Séléka, som Djotodia var leiar for, gjennomførte eit statskupp og kasta den førre presidenten, Francois Bozize. I ettertid har opprørshæren, som var sett saman av mange mindre grupper, blitt oppløyst, og tidlegare medlem av Séléka har drive terror mot folket i Den sentralafrikanske republikk.

Menn som høyrde til Séléka er skulda for å ha valdteke kvinner, etter å ha skote mot sivile, og etter å ha plyndra private heimar. Etter kvart har uroa i landet utvikla seg til å bli ei etnisk og religiøs konflikt, kor dei tidlegare Séléka-medlemmene, som i stor grad er muslimar, har blitt møtt av væpna grupper beståande av kristne.

CENTRAFRICA-UNREST-REFUGEES

Fleire hundre tusen har sett seg tvungne til å flykte frå heimane sine for å sleppe unna restane av opprørshæren Séléka.

Foto: MATTHIEU ALEXANDRE / Afp/Caritas

På randa av eit folkemord

Det er meir enn 80 etniske grupper i Den sentralafrikanske republikk, og dei siste månadene har skiljet mellom dei ulike gruppene blitt stadig skarpare. Så ille har det blitt at både FN og Frankrike meiner at Den sentralafrikanske republikk står på randa av eit folkemord.

– Det er eit totalt kaos. Det er sju kirurgar på fem millionar innbyggjarar, barnedødsraten er på 25 prosent i nokre område, og 1,5 millionar menneske har ingenting. Ikkje eingong mat, sa Frankrikes utanriksminister, Laurent Fabius, i dag.

Den tidlegare kolonimakta vurderer ein mogleg intervensjon i Den sentralafrikanske republikk saman med FN og Den afrikanske union. Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon sa seinast i førre veke at FN ønskjer å etablere ein styrke på opptil 9000 soldatar, om tilhøva tillèt det.

Fleire hundre tusen menneske har anten flykta ut av landet, eller blitt internt fordrivne. Tusenvis av barn har blitt tvangsrekruttert av væpna grupper, og tilgangen på mat og reint vatn er særs avgrensa i Den sentralafrikanske republikk.