Hopp til innhold

– Ho dreiv familien som styrte landet

Ektemannen likte ikkje å krangle, så ofte var det ho som svarte dei politiske motstandarane. Kommentatorane minnes i dag Barbara Bush, kvinna som både var gift med og mor til ein amerikansk president.

BUSH ENDOWMENT

EIT MEKTIG FAMILIEBILDE 1999: Første rad frå venstre, Neil Bush, George W. Bush, George Bush senior, Jeb Bush, Marvin Bush og Dorothy Koch. Andre rad: Sharon Bush, Laura Bush, Barbara Bush, Columba Bush, Margaret Bush og Bobby Koch.

Foto: DAVID J. PHILLIP / AP

– Det tok lang tid før eg forstod meg på Barbara Bush, skriv den røynde journalisten Mimi Swartz i Texas Monthly

George Bush and Barbara Bush

SENATSVALET 1964: George og Barbara Bush ved valkamphovudkvarteret i Houston.

Foto: Ed Kolenovsky / Ap

– Eg brukte å halde rekneskap med alle syndene hennar, som da ho i 1984 kalla visepresidentkandidat Geraldine Ferraro noko som rimar på «rich». Eller da ho i 2005 tok eit blikk på dei heimlause etter orkanen Katrina, og erklærte at «dei er underprivilegerte uansett, så dette måtte jo fungere bra for dei».

Ektemannen George var kjend som ein forsiktig mann, som sakte men sikkert bygde nettverk og alliansar. Han unngjekk opne kranglar, så ofte var det på Barbara som forsvarte familien offentleg.

Fleire gangar skal ho ha skjelt ut den liberale politikaren Al Franken.

– Eg er ferdig med deg, skal ho ha sagt meir enn ein gang til Franken.

George H W Bush 1990

EIT STEG BAK: Det er 1990, og sovjetunionen har kollapsa. President George Bush snakkar til reporterar på Air Force One om dei store endringane i Europa.

Foto: Robert Daugherty / Ap

– Takk for at du tente landet

Men som mange andre kommentatorar i dag, slår Swartz an ein forsonande tone. Journalisten vedgår ho er imponert over Barbara Bush, for ho ofra seg mykje for å tene mannen sin og landet.

PEOPLE-BARBARABUSH/

TEAM BUSH: Saman bygde dei eit politisk dynasti.

Foto: RICK WILKING / Reuters

Ho gifta seg med ein mann, som truleg aldri prioriterte henne først, trass i at han han døypte sine tre bombefly under andre verdskrig Barbara, skriv Swartz.

Pearl Harbor hadde akkurat blitt bomba av japanske styrkar da paret forlova seg, og like etter verva George Bush seg som pilot i marinen.

– Barbara forelska seg som 17-åring, og gav opp studiane for å gifte seg. Ho byrja på ei reise som ikkje var hennar, men som ikkje hadde blitt vellukka utan henne, skriv Margaret Carlson i Time Magazine.

PEOPLE-BARBARABUSH/

SJEFEN I HEIMEN: Familiebilde frå 1956. George, Neil, George W., Barbara, Jeb og Marvin.

Foto: Handout Old / Reuters

George Bush vart skoten ned over Stillehavet, men overlevde. Paret gifta seg i 1945.

– Supermor

Etter krigen hadde George Bush store planar. Han bygde seg opp som ein Texas-oljemann, før han gjekk inn i politikken. Der gjorde han karriere som CIA-direktør, visepresident for Ronald Reagan og USAs 41. president.

Barbara Bush var den som heldt orden i heimen, familien flytta heile 29 gangar.

RNC PRESIDENT REAGAN BUSH

ANDREDAME: Barbara og George Bush på podiet saman med Ronald og Nancy Reagan i 1984. Bush fekk to periodar som visepresident, og ein som president.

Foto: PETER SOUTHWICK / Ap

Ho var mor til seks born. Ei dotter døydde av leukemi, tre år gammal.

– Ho vart supermor til dei fem borna som overlevde, skriv Swartz.

Sonen George W. vart også president, og hadde det ikkje vore for Donald Trump kunne ho kanskje blitt mor til ein til, Jeb.

FRITTALANDE: Barbara Bush forsvarar sonen Jeb

Barbara Bush er den andre amerikanske kvinna som var både ektefelle og mor til ein amerikansk president. Den førre var Abigail Adams, fødd 180 år tidlegare.

Men kommentatorane er samde om at Barbara hadde mykje meir innflytelse på sine menn, enn det Abigail hadde.

– Barbara Bush dreiv familien som styrte landet, skriv Margaret Carlson i Time Magazine.

FILES-US-POLITICS-BUSH

PRESIDENTMOR: Sonen George W. får ein klem av mor.

Foto: CHRIS WILKINS / AFP

Depresjon

I sjølvbiografien sin frå 1994 skriv Barbara Bush at alle dei politiske konfrontasjonane førte til at ho vart deprimert.

– Av og til var det så vondt at eg fekk lyst til å køyre inn i eit tre eller i ein møtande bil, skriv ho.

Etter kvart som karrieren til ektemannen skaut fart, bestemte ho seg for å støtte ei velgjerande sak. Ho hadde sjølv slite med dysleksi i barndommen, og bestemte seg for å starte ein kampanje for å lære born å lese og skrive.

– Eg fann ut at alt eg uroa meg for ville bli betre om fleire ville lære seg å lese og å forstå. Fleire vil få seg ei utdanning, færre vil bli involvert i gjengar, kriminalitet og narkotika.

Barbara Bush vart 92 år gammal.

Obit Barbara Bush

RIMAR PÅ «RICH»? Barbara Bush under debatten mellom visepresidentkandidatane George Bush og Geraldine Ferraro i 1984. Der ho skal ha kalla Ferraro noko som rima på «rich».

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt