Hopp til innhold

– Hald dykk heime under fotball-EM

Fleire kjende fotballspelarar åtvarar sine eigne tilhengjarar om å reise til Polen og Ukraina på grunn av rasismen og frykta for bråk. Fotball-EM er i ferd med å bli ein PR-katastrofe.

Sol Campbell

Den tidlegare landslagsspelaren for England, Sol Campbell åtvarar engelskmenn om å dra til fotball-EM.

Foto: EDDIE KEOGH / REUTERS

Om ei veke er det avspark for fotball-EM. Dei to vertslanda Ukraina og Polen synest å ha det meste på stell til sportsfesten reint teknisk, men skulle nok vore forutan mykje av det aukande medieoppstyret.

Rasisme

Ukraina har lenge slite med all merksemda rundt den fengsla opposisjonsleiaren Julia Timosjenko, og dei siste dagane har begge landa måtte bruke krefter på å forsvare seg mot nye skuldingar om rasisme.

– Bli heime og sjå på TV. Det er ikkje verdt risikoen, seier den tidlegare landslagsspelaren for England, Sol Campbell, i ein BBC-dokumentar.

Dei siste par åra har Ukraina brukt 90 milliardar kroner på fotball-EM. Det er bygd to nye, gigantiske stadion, fleire flyplassar og satsa kraftig på høgfartstog.

Det er i hovudstaden Kiev at sjølve EM-finalen skal spelast søndag 1. juli.

Det europeiske fotballforbundet valde Ukraina og Polen som vertsland nettopp for at dei skulle få vise at dei har kasta av seg den mørke arven frå sovjettida.

Dei skulle rive ned fasttømra fordommar og demonstrere at dei er blitt moderne aktørar i det internasjonale samfunnet.

PR-katastrofe

For Ukraina skulle EM også vise at landet er eit verdig framtidig medlemsland i EU.

Men no er Euro 2012, som fotball-EM offisielt er kalla, i ferd med å utvikle seg til ein PR-katastrofe for Ukraina, skriv den britiske avisa The Guardian. Og det er rasismen som skremmer vekk fotballfolket.

Motbakkane er blitt stadig brattare for Ukraina etter kvart som turneringa har nærma seg. Den politiske stemninga i landet blei skrudd tilbake i tid då Viktor Janukovitsj blei president i 2010.

Det gav mellom anna utslag i prosessen mot den tidlegare statsministeren Julia Timosjenko, som mellom anna er blitt mishandla i fengsel – og behandla på ein måte som er kritisert og fordømt over store delar av verda.

Utan at regimet let seg synleg påverke.

Seinast denne veka har riksadvokaten i Ukraina kome med nye kriminelle skuldingar mot den fengsla politikaren.

Angela Merkel og ulike EU-leiarar har varsla at dei ikkje vil kome og kaste glans over EM i Ukraina i denne situasjonen.

I tillegg har UEFA, det europeiske fotballforbundet, klaga på hotellmangel og det plutseleg skyhøge prisnivået under EM, UEFA-presidenten Michel Platini snakkar om kjeltringar og bandittar.

Ukrainsk politi arresterer en toppløs kvinnelig aktivist

Denne veka arresterte ukrainsk politi ein kvinneleg aktivist frå gruppa Femen som hadde kledd seg ut som ein penis.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Nyleg fekk aktivistar stor merksemd med sin topplause demonstrasjon mot aukande prostitusjon og blomstrande sexindustri i samband med fotballtevlinga.

Bankar opp eigne tilhengarar

Det toppa seg då BBC for nokre dagar sidan sendte ein dokumentar som skal vise at rasisme, rasistisk vald, nazidyrking og jødehat framleis lever sterkt i både Polen og Ukraina, i sterk motsetnad til det biletet styremaktene i dei to landa har teikna.

Ifølgje BBC-programmet Panorama kjem den aggressive rasismen spesielt sterkt til uttrykk i fotballmiljøet.

Det britiske TV-laget viser ei rekke ferske scener frå fotballkampar – både i Polen og i Ukraina, der fotballtilhengjarane utstyrte med klassiske symbol for kvitt herredøme og nazisme i store flokkar viser Hitler-helsingar, og hånar svarte spelarar med apelydar.

Ved eitt høve, på ein ukrainsk stadion som skal brukast under EM, går ei gruppe til og med til åtak på mørkhuda asiatar som heiar på same lag som dei sjølve.

Den latente uvissa rundt EM-arrangementet har bremsa publikumsinteressa kraftig. Vanlegvis er slik turneringar utselte lang tid i forvegen. Men i fotball-EM er det framleis 50 000 uselde billettar.

Frå England er det venta berre 5000 tilhengjarar – medan det reiste 10.000 til VM i Sør-Afrika for to år sidan og heile 100 000 til Tyskland-VM i 2006.

Det britiske utanriksdepartementet ber britiske fotballtilhengjarar med afrikansk og asiatisk bakgrunn om å vere ekstra varsame, og familiane til dei to svarte landslagsspelarane frå Arsenal, Theo Walcott og Alex Oxlade-Chamberlain, har sagt at dei ikkje vil reise til kampane i Ukraina.

– Løgn og bedrag

No ber altså ein populær fotballspelar som Sol Campbell også andre om å halde seg heime.

BBC-dokumentaren kom sjølvsagt på eit lite velkome tidspunkt i Ukraina og Polen, og begge land har vore raskt ute og avvist heile TV-programmet som løgn og bedrag.

Ein talsmann for det ukrainske utanriksdepartementet seier at BBC viser arroganse og ikkje oppnår anna enn auka framandhat. Talsmannen hevdar også at nazisymbol er å finne på kvar ein engelsk fotballkamp, utan at noen dermed finn på å foreslå boikott av sommar-OL i London.

SISTE NYTT

Siste nytt