Hopp til innhold

– Kan løfte millionar ut av fattigdom

Opptil 60 millionar fleire jobbar kan bli resultatet om verda legg om til ein «grøn økonomi», meiner FN sitt miljøprogram.

Solkraftverk i Spania (solstråledrevet varmekraftverk)

Solraftverk i Spania. Kring 500.000 personar har «grøne jobbar» i landet.

Foto: AP Photo/Solar Systems / AP

I ein ny rapport seier FN sitt miljøprogram (UNEP) at 15–60 millionar nye arbeidsplassar kan verte skapt rundt om i verda i løpet av dei neste 20 åra, om ein legg om frå høgkarbon- til lågkarbon-økonomi.

– Ein aukande mengde empirisk dokumentasjon syner at den noverande globale vekstmodellen ikkje er berekraftig sett frå miljømessige, økonomiske og sosiale perspektiv, heiter det i rapporten.

Achim Steiner UNEP

Achim Steiner, sjef for FN sitt miljøprogram (UNEP).

Foto: TONY KARUMBA / Afp

– Funna understrekar at «grøn økonomi» kan løfte millionar av menneske ut av fattigdom, og gi eit betre livsgrunnlag for denne og framtidige generasjonar, seier sjef for UNEP, Achim Steiner.

– Det er ein positiv bodskap i ei uroleg verd, seier han.

Berekraftig vekstmodell

Høgare konsentrasjonar av klimagassar i atmosfæren kjem til å medføre betydelege økonomiske kostnader, særleg med tanke på produktivitet, kjem det fram i rapporten.

Anslag indikerer at under eit «business as usual»-scenario, altså om ein ikkje endrar noko frå i dag, kjem produktiviteten i 2030 vere 2,4 prosent lågare enn i dag, og 7,2 prosent lågare i 2050, ifølgje rapporten.

Den peikar på at eit skifte til «grøn økonomi» kan skape ein berekraftig vekstmodell.

Men ikkje utan kostnader. Overgangsfasen kjem truleg til å vere utfordrande, særleg innan visse sektorar og for enkelte arbeidarar.

Minst halvparten av verdas arbeidsstyrke, kring 1,5 milliardar menneske, kjem til å merke overgangen til ein grøn økonomi, seier rapporten.

Dei mest råka sektorane i ei omlegging er jordbruk, skogbruk, fiskeri, energi, ressurskrevjande produksjon, resirkulering, byggebransjen og transportbransjen.

(Saka held fram under biletet)

Indonesia avskoging

Hogst på øya Sumatra i Indonesia. FN-rapporten rekner med at over ein million jobbar på verdsbasis har gått tapt i skogbruket grunna ikkje-berekraftig forvalting.

Foto: Romeo Gacad / Afp

– Ingen resultat utan dei rette tiltak

Juan Somavia

Leiar av Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, Juan Somavia.

Foto: Fabrice Coffrini / Afp

Rapporten peikar på at dei gode resultata føreset at verdssamfunnet erkjenner at miljø og sosioøkonomiske utfordringar må løysast på ein heilskapleg og utfyllande måte.

Blant anna ved iverksetjing av berekraftige produksjonsprosessar på bedriftsnivå, særleg blant små og mellomstore bedrifter i viktige sektorar, som nemnt ovanfor.

Samt sosialt vern, økonomisk støtte og opplæringstiltak for å gi arbeidarane moglegheit til å utnytte moglegheitene i ein «grøn økonomi».

– Berekraftig utvikling er ikkje ein «job-killer», slik det ofte blir påstått. Tvert om. Gitt riktig forvaltning kan det føre til fleire og betre arbeidsplassar, fattigdomsbekjemping og sosial inkludering, seier Juan Somavia, leiar for Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

På god veg?

Studien fann at i USA er det no om lag tre millionar «grøne jobbar», i sektorar som vindkraft og energieffektivisering.

I Storbritannia nærmar talet seg ein million, og sektoren har vore ein av få som har klart å skape nye arbeidsplassar i landet.

Også i utviklingsland veks talet raskt, om lag 7 % av tilsette i Brasil er no ein del av den «grøne økonomien».

Arild Hermstad

Arild Hermstad, leiar av Framtiden i våre hender.

Foto: Just world photo

Dette er eit steg i riktig retning for mange miljøforkjemparar.

– Me har lenge sagt at det ligg tapte moglegheiter i å ikkje «satse grønt», seier Arild Hermstad, leiar av organisasjonen Framtiden i våre hender.

– Men me er for så vidt optimistiske med tanke på at me ser at land i økonomisk uføre er blant dei beste til å investere i fornybar energi. Dette ser me blant anna i Hellas. Det viser at også kriseramma land kan gjere mykje, seier Hermstad.

Men det er eit stykke att til «grøn økonomi». Rapporten kjem veka før verdas miljødag 5. juni, og som eit innspel til regjeringane rundt om i verda før dei samlar seg på FN sin konferanse for berekraftig utvikling, «Rio+20», den 20. juni.

SISTE NYTT

Siste nytt