Hopp til innhold

– Gonoré kan bli uhelbredeleg

Ifølgje ein ny rapport frå helseorganisasjonen WHO kan den seksuelt overførbare sjukdomen gonoré bli umogleg å behandle innan to år. Sjukdomen utviklar stadig nye variantar som antibiotika ikkje bit på.

Gonore

RESISTENT: Eit kjenneteikn med gonoré er at den stadig utviklar resistens mot nye behandlingsmetodar.

Den potensielt farlege seksuelt overførbare sjukdomen gonoré blir stadig meir motstandsdyktig mot medisin. Innan to år kan den bli uhelbredeleg, ifølgje helseorganisasjonen WHO.

– Denne organismen har stort sett utvikla resistens mot alle medisinar vi har kasta på den, seier Dr. Manjula Lusti-Narasimhan, som forskar på seksuelt overførbare sjukdomar.

I 2010 meinte forskarar at sjukdomen kunne bli uhelbredeleg innan ti år. No har WHO redusert den dystre framtidsutsikta til to år.

LES: Gonoré kan bli global trussel

LES: Gonoré kan bli umulig å behandle

– Innan eit par år vil den ha blitt resistent mot alle behandlingsalternativa vi har tilgjengelege, seier ho til nyheitsbyrået Ap.

Overbehandling lagar superbakterie

Gonoré er den nest vanlegaste seksuelt overførbare sjukdommen etter klamydia.

Helseorganisasjonen WHO reknar at gonoré utgjer 106 millionar av dei totalt 498 millionar årlege tilfella av seksuelt overførbare sjukdomar i verda.

– Dette er ikkje eit europeisk eller afrikansk problem, det er verkeleg eit verdsomspennande problem, seier Lusti-Narasimhan.

Forskarar trur at overforbruk av antibiotika, kombinert med gonorébakteriane si evne til å tilpasse seg og utvikle resistens, betyr at sjukdommen er nær med å bli ein superbakterie.

Resistent gonoré oppdaga i Noreg

Den nyaste behandlingsforma mot sjukdomen er ei antibiotikagruppe kalla cefalosporin.

Smittetilfelle der sjukdomen har vist seg å vere resistent mot cefalosporin har tidlegare blitt oppdaga i Japan, og meir nyleg i Storbritannia, Hong Kong og Noreg.

Men seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet Øyvind Nilsen meiner det ikkje er grunn til å slå alarm her til lands enno.

– Kjenneteiknet til gonoré er evna til å kontinuerleg utvikle resistens. Sidan 1970-talet har vi brukt tre forskjellige typar antibiotika, og den nyaste versjonen tek stort sett sjukdomen, seier seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet Øyvind Nilsen.

– Skremmande

Han fortel vidare at dei få tilfella i Noreg der gonorébakterien har utvikla resistens mot den nyaste behandlingsforma, har blitt behandla med ein kombinasjon av dei eldre metodane.

Men dersom denne metoden også viser seg å vere ubrukeleg på grunn av resistens, vedgår Nilsen at utviklinga ser skremmande ut.

– Dersom det dukkar opp gonoré-tilfelle som er resistente mot absolutt alle behandlingsformane, vil dette verte eit problem. Det er ei skremmande utsikt, seier Nilsen.

Øyvind Nilsen i Norsk Folkehelseinstitutt

SKREMMANDE: Til no er behandlingstilbodet mot gonoré i Noreg bra, men dersom sjukdomen held fram å utvikle resistens kan det bli eit problem, seier Øyvind Nilsen i FHI.

Foto: FHI

– I tillegg til at det er ein smertefull sjukdom, vil hovudproblemet vere at mange går rundt og er smitteberande utan å bli kurert, held han fram.

– Relativt lett å kontrollere

Ifølgje Folkehelseinstituttet blir det registrert om lag 300 tilfelle av gonoré i året i Noreg. Symptoma på sjukdomen kjem oftast mellom to dagar til ei veke etter smitte, noko som gjer at dei aller fleste får rask behandling.

– Sjukdomen er difor relativt lett å kontrollere i befolkninga så lenge vi har effektiv antibiotika, seier Nilsen.

Den enkle oppskrifta for å unngå sjukdomen er å bruke kondom.

Ifølgje Nilsen er det størst smittefare for gonoré blant homoseksuelle menn, og menn som oppsøker prostitusjon.

Ber myndigheitene redusere antibiotika-bruk

I utsette miljø vil sjukdomen kunne bli eit stort problem dersom sjukdomen blir uhelbredeleg.

– I miljø med mykje tilfeldig sex, prostitusjon eller i homofile miljø, vil smittefaren vere stor dersom kuren uteblir, seier Nilsen.

WHO oppfordrar alle myndigheiter til å ikkje berre stramme inn reglar for bruk av antibiotika, men også betre overvakinga av sjukdomen.

– Vi kan ikkje bli kvitt sjukdommen heilt, men vi kan avgrense spreiinga, seier forskar i WHO, Dr. Manjula Lusti-Narasimhan.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Fem personar til sjukehus etter angrep med sverd i London

Både forbipasserande og politi er skadde etter valdshendinga i Hainault, London. Politiet seier dei har arrestert ein mann med sverd.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.