Hopp til innhold

– Eg snudde meg og såg ein fyr med automatvåpen

Ein gut fortel til avisa Le Figaro, at bandet var i ferd med å avslutte ein låt, da han høyrde noko som likna fyrverkeri.

Fleire augevitne blir intervjua rett etter dramaet inne på konserthuset.

Angrepet på konsertsalen

– Eg såg at songaren løfta gitaren sin, og da eg snudde meg såg eg ein fyr med automatvåpen. Alle kraup saman på golvet.

– Kvar gong dei skaut, forsøkte vi å gøyme oss så godt vi kunne. Eg og mange andre forsøkte å kome oss vekk via scena.

– Vi trudde vi gjekk til nødutgangen, men vi gjekk feil.

– Ein tilsett viste oss utgangen, også kom vi oss ut i gata. Da sprang vi.

– Eg høyrde framleis skot, men snudde meg ikkje. Eg sprang heilt til Bastillen.

Unge menn med automatvåpen

Jerome Bartolomy

Jerome Bartelemy snakkar med reuters om terroren i paris.

Foto: reuters

Det skal ha vore to fire menn væpna med autmatvåpenet kalasjnikov, handgranatar og sjølvmordsbelter..

– Han eg såg hadde svart treningsdress. Han kunne ikkje ha vore eldre enn 25. Han var ganske roleg, fortalde Jerome Bartelemy til nyheitsbyrået Reuters.

Han stod i baren, og trudde først det var nokon som fyrte av kinaputtar.

– Eg lurte på om det var ekte kuler, så såg eg ein mann vart skoten, og eg skjønte alvoret, fortalde Bartelemy.

Eagles of Death før konserten

Før konserten posta bandet denne meldinga på Facebook.

Foto: Facebook

Angrepet på den kambodsjanske restauranten

Ei kvinne i 30-åra var på restauranten Petit Cambodge. Ho fortel til avisa Le Monde:

– Eg kom saman med vener. Det låg folk på golvet, og eg trudde først at ein bil hadde køyrd inn i restauranten. Eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd. Eit førtital menneske låg på golvet.

Angrepet på kafeen La Belle Equipe

Ei kvinne ved kafeen La Belle Equipe fortel:

– Eg høyrde eksplosjonar og gjekk til vindauget. Eg ser ned på kafeen. Eg såg ein mann gå ut av ein bil. Han skaut fleire gongar mot kafeen. Eg høyrde skrik. Så gjekk han inn i bilen igjen og køyrde vekk.

SISTE NYTT

Siste nytt