Hopp til innhold

– 60 Assad-soldatar drepne i slaget om Damaskus

Fleire enn 60 soldatar er drepne i den syriske hovudstaden Damskus sidan måndag, hevdar ei menneskerettsgruppe.

Syriske soldatar i Damaskus

Biletet er teke 16.juli i år og viser Assad-lojale styrkar i hovudstaden Damaskus, der det no går føre seg væpna kampar, ifølgje opposisjons-lojale Shaam News Network.

Foto: - / Afp

Opprørarane i Syria hevdar at det no pågår eit avgjerande slag om Damaskus, og dei siste dagane har dei kjempa mot styrkane til president Bashar al-Assad i fleire bydelar.

Opprørsstyrkar skal ha drepe minst 60 av regimet sine soldatar i løpet av dei siste 48 timane.

– Styrkane til presidenten mista mellom 40 og 50 menn måndag, og minst 20 blei drepne i går, sier leiaren for menneskerettsgruppa Det syriske observatoriet for menneskerettar, Rami Abdel Rahman.

Det er ukjent kor store tap opprørarane har lidd i løpet av den same perioden.

Generalar blant hundrevis på flukt

Dei blodige kampane får stadig fleire til å flykta frå landet. Meir enn 300 menneske kryssa grensa over til Tyrkia natt til onsdag, ifølgje ei anonym kjelde i det tyrkiske utanriksdepartementet.

Kjelda opplyser at det no er til saman 43.500 syriske flyktningar i flyktningleirar langs grensa mellom dei to nabolanda.

Ytterlegare to syriske generalar hoppa av og rømde også landet natt til onsdag, saman med straumen av flyktningar til Tyrkia.

Totalt 18 generalar har hittil hoppa av frå dei væpna styrkane i Syria og søkt tilflukt i Tyrkia sidan konflikten i Syria starta i mars i fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt