Dette går fram av ei meiningsmåling som blir offentleggjort i avisa Mail on Sunday i dag. Det er den offentlege granskinga av den tidlegare våpeneksperten og regjeringsrdågjevaren David Kelly som har endra britisk opinion.
Heile 62 prosent meiner forsvarsminister Geoff Hoon må gå, medan berre 14 prosent meiner han bør få halde fram.
I ei tilsvarande meiningsmåling i juli sa 37 prosent av britane at Tony Blair burde trekkje seg frå statsministerposten.
Tony Blairs informasjonssjef Alastair Campbell trekte seg frå stillinga si 29. august. (AP-foto)
Informasjonssjefen til den britiske statsministeren, Allistair Campbell, er den einaste av dei nære medarbeidarane til Tony Blair som har trekt seg som ein følgje av David Kelly-saka.
Han gjek av 29. august etter massiv kritikk. Han vart skulda for å ha vore med på å "sprite opp" ein etterretningsrapport om Iraks masseøydeleggingsvåpen, for å gjere det lettare for Storbritannia å gå til krig.
David Kelly gjorde sjølvmord 18. april i år, etter at han var namngitt som hovudkjelda til fleire BBC-reportasjar som var kritiske til regjeringa si grunngjeving for å gå til krig.
Tidlegare bistandsminister i regjeringa til Tony Blair, Claire Short, sa i går at den britiske regjeringa gjorde livet til David Kelly til eit helvete. Claire Short trekte seg frå regjeringa protest mot Irak-krigen.