Forsvarsminister Rodrigo Rivera seier at styresmaktene med offensiven søndag har gjort stor skade på den venstreorienterte FARC-geriljaen i Putumayo-provinsen.
Kampane tok til søndag morgon på same staden som åtte politifolk blei drepne for vel ei veke sidan. Også fly som sleppte bomber var involverte.
- LES OGSÅ:
Rivera understreka at kampane gjekk føre seg heilt innanfor Colombia sitt territorium.
Takka Ecuador
Forholdet til Ecuador har vore spent sidan Colombia bomba ein geriljaleir over grensa i 2008 og tok livet av ein av FARC sine toppleiarar, Raul Reyes.
Denne gongen sa Rivera at han varsla Ecuador før offensiven, og han takka ecuadorianske styresmakter for å ha hindra at geriljasoldatar rømde over grensa.
- LES OGSÅ:
Avviser fredssamtalar
FARC blei danna i 1964 og har framleis 8.000 geriljasoldatar i aksjon. President Juan Manuel Santos har avvist eit tilbod om fredssamtalar før FARC set fri gislar dei held, og sluttar å rekruttera barnesoldatar.
Både FARC, den andre venstregeriljaen ELN og dei høgreorienterte paramilitære er djupt involverte i den lukrative narkotikahandelen.
(NTB)