Hopp til innhold

Syriske opprørsstyrkar inntok viktig by - reiv ned gigantisk Assad-statue

Syriske opprørsgrupper seier dei har teke kontroll over provinshovudstaden Raqqa ikkje langt frå grensa til Tyrkia.

Statuen av Hafez al-Assad blir riven ned i Raqqa.

Opprørarane reiv ned statuen av Hafez al-Assad i byen Raqqa.

Foto: HO / Afp

Dersom det viser seg at opprørarane verkeleg har teke kontroll over Raqqa, så er dette den første større byen i landet dei har teke kontroll over i løpet av dei to åra opprøret mot regimet til Bashar al-Assad har halde på.

Reiv ned gigantstatue

Staatue av Hafez al-Assad i Raqqa.

Eksplosjon og brann ved statuen av Hafez al-Assad i brann i Raqqa i Syria måndag. Statuen vart lik etter riven ned.

Foto: Uncredited / Ap

Opprørarane greidde i dag å rive ned ein gigantisk statue av den tidlegare sterke mannen i Syria, Hafez al-Assad, faren til den noverande leiaren Bashar al-Assad.

Tidlegare i dag melde eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) at opprørsgruppene hadde nesten full kontroll over byen. Då var unntaket nokre regimebasar, blant anna hovudkvartera til politiet og det regjerande Baath-partiet.

Strategisk viktig

Raqqa ligg ved elva Eufrat nær grensa til Tyrkia. Byen blir rekna som strategisk viktig, og opprørarane skal også ha teke kontroll over vegen som går frå Raqqa til Tyrkia.

Leiaren for SOHR, Rami Abdelrahman, seier at den islamistiske gruppa Al Nusra kjempar side om side med andre opprørsgrupper i byen. Al Nusra-fronten er skulda for å samarbeide med terrornettverket Al Qaida.

Raqqa har normalt rundt 240.000 innbyggjarar, men sidan borgarkrigen starta har rundt 800.000 menneske frå andre delar av Syria søkt tilflukt i byen.

LES OGSÅ: – Hallo, vi har din sønn

LES OGSÅ: – Rundt 200 drept i kamp om syrisk politihøyskole

LES OGSÅ: - Assad stiller i syrisk presidentvalg neste år

LES OGSÅ: Obama og Putin diskuterte Syria

SISTE NYTT

Siste nytt