Eksplosjonen fekk fleire etasjar av sjukehuset til å kollapse.
Foto: Scanpix/Reuters- Fleire etasjar av sjukehuset har kollapsa, blir det opplyst ved statsministeren sitt kontor.
Tre er berga
- Tre menneske er berga ut av den samanraste bygningen i live, opplyser Marina Prosjytsjeva i det lokale beredskapsutvalet i Lugansk.
- Som eit resultat av brot på gjeldande tryggingsreglar på intensivavdelinga ved sjukehus nummer sju i Lugansk, har oksygentankar eksplodert, heitte det i ei fråsegn frå statsministeren sitt kontor tidlegare i dag.
Video: Pasientar blir redda.
Statsminister Julia Timosjenko har reist til Lugansk for å få oversikt over situasjonen.
Foto: Konstantin Chernichkin / Scanpix/ReutersStatsminister Julia Timosjenko har reist til Lugansk for å få oversikt over situasjonen.
Olexander Efremov, medlem av det ukrainske parlamentet, seier at lagnaden til dei 17 sakna er uklar. Han fortel at det er høyrt rop frå ruinane, så det er god sjanse å finne fleire overlevande.
Leitar med hundar
Det tok tid å sikre bygningen slik at redningsarbeidet kunne kome i gang. Seks spesialtrente hundar deltek i leitinga.
Sjukehusbygningen har sju etasjar. Eksplosjonen skjedde i fjerde etasje. Ei lokale Internettside melder at tredje og fjerde etasje på sjukehuset har falle ned på andre etasje.
Det var 261 pasientar og 350 tilsette til stades på sjukehus då det skjedde.
Lugansk ligg i det austlege Ukraina ikkje langt frå grensa til Russland, rundt 800 kilometer aust for hoveudstaden Kiev.
Dei ytre skadane på sjukehuset var ikkje så store.
Foto: Scanpix/ReutersEin skadd pasient blir teken ut av det samanraste sjukehuset.
Foto: Scanpix/Reuters