Hopp til innhold

USA ramma av SnowMageddon

Enorme snømengder tek kvelartak på store delar av den amerikanske austkysten. Fjernsynsstasjonane snakkar om SnowMageddon, og snø har blitt eit nytt bannord.

Tom McGarrigle, leiar for Delaware County Council utanfor Philadelphia på den amerikanske austkysten er berre ein av mange som er fortvila over vintervêret.

– Snø har blitt eit nytt bannord. No orkar vi ikkje meir av dette, seier han. Uttrykket SnowMageddon blir mykje brukt på fjernsynet, eit ordspel på Armageddon, som betyr dommedag. Vêret er eit stort tema på amerikansk fjernsyn for tida.

Gravid kvinne påkøyrd av snøplog

18 menneske har mist livet i det harde vinterstormane som har herja sørstatane tidlegare denne veka, men som no festar grepet på nordaustkysten. Dei fleste omkom i trafikkulukker, og i dag omkom ei gravid kvinne i New York då ho var påkøyrd av ein snøplog.

Barnet vart teke ut med keisarsnitt på eit sjukehus like ved, men det er uklart om det kjem til å overleve. Tilstanden er kritisk, men stabil, blir det opplyst frå sjukehuset.

Berre i dag er 6000 flygingar innstilte i områda der vinterstormane herjar, og i sørstatane er framleis 750.000 husstandar utan straum i Georgia, Sør-Carolina, Nord-Carolina og Alabama. Lenger nordover langs austkysten er det meldt om tidvise straumbrot.

LES OGSÅ: Flere døde i kraftig snøstorm i USA

Snømåking foran Kongressen i Washington D.C.

Snømåking utanfor Kongressen i Washington DC.

Foto: MARK WILSON / Afp

– Ein tøff vinter

– Det har vore ein tøff vinter. Det verkar som om han aldri skal ta slutt, seier Deb Ragan til nyheitsbyrået Ap medan ho måker snø på eit fortau i heimbyen Philadelphia.

Blomsterhandlarane fortvilar. Valentine's Day er i kjømda, og det er toppsesongen for levering av blomar i USA. Snømengdene gjer at vegane for ein stor del av er uframkomelege, og bransjen fryktar store tap fordi dei ikkje vil greie å få fram blomane i tide.

Satelittbilete torsdag ettermiddag norsk tid.

Dette satellittbiletet frå NASA viser snøvêret torsdag ettermiddag norsk tid.

Foto: NOAA / Reuters

Hovudstaden Washington DC, som ligg på same breiddegrad som Roma, er innpakka i eit tjukt teppe av snø, og det meste av offentleg verksemd ligg nede, inkludert skular og andre utdanningsinstitusjonar.

NRKs korrespondent i Washington, Gro Holm, bur i bydelen Bethesda i Maryland, like utanfor hovudstaden. Ho fortel at dei fleste held seg heime i dag i hennar nabolag, sidan dei fleste offentlege kontor og skular er stengde. Mange av borna er ute og leikar i snøen og gler seg over den sjeldne vinteren.

LES OGSÅ: Vinterstormen «Hercules» kan ramme over 100 millioner amerikanere

LES OGSÅ: – Det er som en vanlig vinterdag på Hamar

Skitur ved Kongressen

Folk er ute med kjelkar og akebrett, og mange prøver også skiene. Det er ikkje så uvanleg om vinteren i villastroka i utkanten av byen, men det er meir uvanleg å ta skiene fatt inne i sentrum. Kvinna på biletet under tok seg like godt ein skitur i parken framfor Kongressen.

Kvinne går på ski utenfor Kongressen i Washington D.C.

Ei kvinne går på ski framfor Kongressen i Washington DC torsdag.

Foto: MARK WILSON / Afp

Sentrum av den amerikanske hovudstaden blir skildra som ein spøkelsesby. Lite menneske og bilar i gatene, og til og med Det kvite hus måtte avlyse den daglege pressekonferansen sin torsdag. Dei føderale kontora oppmoda dei tilsette til å halde seg heime.

Temperaturen ligg på rundt minus tre grader og det er 20 til 30 centimeter snø. Kraftig vind gjer at nedkjølingseffekten er nede i minus 15 grader, ifølgje vêrmeldinga.

2300 soldatar frå Nasjonalgarden er mobiliserte for å hjelpe til i kampen mot snømengdene. Det kraftige snøfallet er no på full fart mot New York, og det er venta at verdsmetropolen vil få like mykje snø som både Washington og Philadelphia.

SISTE NYTT

Siste nytt