Hopp til innhold

- Røykalarmen gjekk før flyet styrta

Data frå EgyptAir-flyet som styrta i Middelhavet natt til torsdag, viser at fleire røykalarmar om bord vart utløyste, melder CNN.

Flystyrt i Middelhavet

Røykalarmen skal ha gått fleire stader i flyet før styrten, ifølgje informasjon CNN har fått tilgang til.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Ifølgje den amerikanske nyheitskanalen går dette fram av data som er henta ut frå ACARS-systemet om bord. ACARS-systemet sender informasjon frå flyet til ein bakkestasjon. CNN har fått tilgang til informasjonen gjennom ein egyptisk kjelde.

Det går fram av informasjonen at røykalarmen gjekk fleire gonger dei siste minutta før flyet forsvann frå radaren.

ACARS står for Aircraft Communication Addressing and Reporting System.

– Røyk på toalett og i motor

Leiteaksjon etter sakna fly.

Mange skip frå fleire land deltek i leitinga etter vrakrestar frå det styrta EgyptAir-flyet.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Ein amerikansk tenestemann seier i ein kommentar at informasjonen CNN kjem med er eit ikkje stadfesta rykte.

Det skal ha blitt registrert røyk på eitt av toaletta nær cockpiten, og det vart automatisk sendt ein alarm. Eit minutt seinare skal det ha vorte sendt ein alarm til bakkestasjonen om røykutvikling i det elektriske anlegget på flyet, melder nettstaden Omni.se.

Få minutt seinare snudde flyet 90 grader mot venstre før det snudde brått mot høgre. Deretter forsvann det frå radarskjermane.

EgyptAir Flight MS 804 var på veg frå Paris til Kairo då det styrta i Middelhavet natt til torsdag denne veka. I dag vart det funne vrakgods frå flyet , og eit spesialfartøy frå den franske marinen er med for å prøve å finne dei såkalla svarte boksane i flyet.

Desse boksane inneheld viktig informasjon om kva som skjedde i flyet før det styrta, blant anna blir samtalar mellom flygarane i cockpit tekne opp.

– Neppe IS

Elles deltek eit stort tal skip og fly i leitinga etter vraket av det styrta flyet. Alle dei 66 om bord miste truleg livet i styrten.

Årsaka til flystyrten er framleis ei gåte. Terror har vore ein heit teori, men ein britisk ekspert seier at det neppe er IS som står bak . Han viser til at IS plar vere raskt ute med å ta på seg skulda for angrep dei står bak.

SISTE NYTT

Siste nytt