Eit nytt vitne har fortalt politiet at den 56 år gamle kvinna såg korleis den ukjende drapsmannen gjekk laus på åtteåringen. Vidare skal vitnet ha fortalt at to personar ropte og skreik til kvarandre, og at ein stor og kraftig mann gjekk derifrå.
På bakgrunn av dette vitnemålet trur politiet no at åtteåringen vart drepen først, og at Anna-Lena Svenson vart drepen då ho prøvde å hindre angrepet på åtte år gamle Mohammed.
Ei politikjelde seier til Aftonbladet seier at det er ting som tyder på at manne tok livet av åtteåringen på ein omsynslaus og utstudert måte. Alt hende truleg svært fort, og guten døydde i løpet av eit sekund, trur kjelda.
Anna-Lena Svenson var lærar ved ein skule ikkje langt frå drapsstaden. Ho blir karakterisert som ein handlekraftig person, som alltid forsvarte dei svake.
Politiet får stadig inn nye tips i saka, men har enno ikkje avgjerande spor etter drobbeltdrapsmannen.