Hopp til innhold

- Massevaldtekt sett i system

Tre væpna grupper gjorde seg skuldige i minst 300 tilfelle av massevaldtekt i Den demokratiske republikken Kongo i månadsskiftet juli-august, opplyser FN.

Soldatar er sende inn i Walikali-regionen for å verne innbyggjarane.

Innbyggjarane i Walikale-regionen blir no passa på av regjeringssoldatar.

Foto: Schalk van Zuydam / Ap

Navi Pillay er FNs høgkommisjonær for menneskerettar.

Navi Pilay har lagt fram ein rapport om forferdeleg mishandling i Walikale-provinsen.

Foto: - / Afp

- Minst 303 sivile vart valdtekne, ofte fleire gonger, heiter det i ein førebels rapport frå FN. Her heiter det at 235 kvinner, 52 jenter, 13 menn og tre gutar vart utsette.

Rapporten er utarbeidd etter at FN-utsendingar har besøkt 13 landsbyar i Walikale-regionen i provinsen Nord-Kivu.

LES OGSÅ: Krigsforbrytertiltalt løslates av ICC

LES OGSÅ: Kjøpesenter styrtet sammen

Plyndring og bortføring

I tillegg til dette var 923 hus og 42 butikkar plyndra, og 116 menneske vart bortførde og sette til tvangsarbeid.

Utsendingane frå FN har konkluderte med at det truleg har fått føre seg langt fleire alvorlege saker, men at dei på grunn av den vanskelege tryggingssituasjonen i området ikkje har nådd fram til ein del område.

Sjefen for FNs menneskerettsorgan, Nvai Pillay, seier at råskapen og valdsbruken til desse væpna gruppeneer verre enn nokon kan forestille seg.

- Medan ei gruppe valdtok og plyndra i ein landsby, sette ei anna gruppe seg i bakhald for å ta dei som flykta, som også vart utsette for valdtekt og plyndring, seier ein rysta Navi Pillay.

Maskingevær og machetar

Bandane var væpna med AK47 maskingevær, granatar og machetar. Dei kutta all telefonsamband før dei gjennomførde ugjerningane sine, slik at innbyggjarane ikkje greidde å be om hjelp utanfrå.

- Sjølv i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo, der valdtekt er brukt i stort omfang i konflikten der dei siste 15 åra, er desse hendingane verre enn noko som er gjort før. Dette på grunn av systematikken og den kaldblodige måten det er gjort på. Det må ha vore godt planlagt, seier Navi Pillay.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt