Hopp til innhold

- Liv kunne vore spart

Mange liv kunne vore spart om leiinga ved Virginia Tech hadde reagert raskare i då ein student gjekk amok med skytevåpen på universitetet.

Sorg etter massakren ved Virginia Tech

Studentane ved Virginia Tech i sorg etter massakren som tok 33 liv.

Foto: CHRIS KEANE / REUTERS

Tragedien på Virginia Tech i april i år er den verste skulemassakren i amerikansk historie.

Leiinga ved Virginia Tech kunne ha redda fleire liv dersom dei på eit tidlegare tidspunkt hadde åtvara studentar då Cho Seung-Hui gjekk amok med skytevåpen på universitetet.

Les også: Oppnådde det han ønska mest

Det er konklusjonen til eit granskingsutval som la fram rapporten sin i dag.

- Burde sendt melding på callinganlegg

Granskingsutvalet konstaterer at sjølv om Seung-Hui tidlegare hadde vist klare teikn på å vere mentalt ustabil, let universitetet vere å gripe inn.

Utvalet meiner leiinga burde sendt ut ei åtvaring over callinganlegget, og at undervisninga burde blitt avlyst etter at Seung-Hui hadde drepe sine to første offer på ein av studentheimane inne på universitetsområdet.

Sende åtvaring på epost

I sjutida om morgonen 16. august i år skaut og drap Saung-Hui ein kvinneleg og ein mannleg student på studentheimen.

To timar seinare skaut han 30 studentar og lærarar i eit klasserom ein heilt annan stad på universitetsområdet.

Først klokka halv ti sendte leiinga ut ei åtvaring på epost om at det var ein skyteepisode på gang.

- Informasjon vart ikkje vidaresendt

Seung-Hui flytta med familien sin frå Sør-Korea til USA i 1992.

I 2005 skal han ha vore innlagd på ein helseinstitusjon for mentale problem.

Han vart sendt til evaluering etter at to kvinnelege studentar klaga på han. Han oppførte seg merkeleg, og ein var uroa for at han ville forsøke å ta sitt eige liv.

Denne informasjonen vart aldri videresendt til universitetstilsette på grunn av manglande ressursar, ifølgje rapporten.

Sende video

Mellom skyteepisodane, sende Seung-Hui ein pakke til den amerikanske kanalen NBC. Han sende 28 videosnuttar, ein tekst på 1800 ord og 43 bilete.

Cho Seung-Hui tok livet av 32 menneske og seg sjølv.

Cho Seung-Hui tok livet av 32 menneske og seg sjølv.

Foto: HO / REUTERS

Det uavhengige granskingsutvalet vart nedsett av guvernøren i Virginia, Tim Kaine.

 Les også: Stengere våpenlov i USA

 

SISTE NYTT

Siste nytt