Men det er framleis mogeleg for Saddam Hussein å oppfylle FN-krava, påpeikar Jack Straw.
Det er framleis mogeleg for Saddam Hussein å oppfylle FN-krava, påpeikar han.
Statssekretær i det britiske forsvarsdepartementet, Adam Ingram, seier samstundes at dette kan vere dei siste dagane før ein USA-leia krig mot Irak.
- Verda kan no vere inne i dei siste dagane før det bryt ut krig, sa Ingram då han i dag blei konfrontert med utsegner frå den belgiske forsvarsministeren om at krigen kan bryte ut om få dagar.
- Eg trur språket som er brukt i London dei siste dagane kan leie oss til denne konklusjonen, sa Ingram.
Han sa også at det no er mindre sannsynleg at USA, Storbritannia og Spania vil greie å få gjennom ein ny resolusjon i Tryggingsrådet som kan opne for krig mot Irak.
Men han meinte likevel at det ikkje var grunn til å stanse forsøka på å få det til.
- Storbritannia er klart til å gå til krig, sa Ingram. Han la til at dei framleis håpar på ei fredeleg løysing, men er klare til angrep om nødvendig, skriv telegrambyrået AFP.