Hopp til innhold

- Kim Jong-il vitjar Kina

Den nordkoreanske leiaren Kim Jong-il kom i dag tidleg til Kina saman med sonen sin, melder det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Kim Jong Il

Kim Jong-il skal ha teke turen til Kina igjen.

Foto: KNS / Afp

Det er ikkje klart kva formålet med vitjinga er, eller kvar dei to skal gjere i Kina. UD i Nord-Korea og Kina vil ikkje kommentere meldinga. Normalt plar korkje Nord-Korea eller Kina offisielt nemne slike besøk før Kim Jong-il har kome heim til Nord-Korea.

LES OGSÅ: Nord-Korea skifter snart ledelse

LES OGSÅ: Kina vil ikke skylde på Nord-Korea

Kim, som vart ramma av slag i 2008, var sist på eit fem dagar langt besøk i Kina i mai i år. Då møtte han blant andre president Hu Jintao.

Kim likar ikkje å reise med fly, så han reiser truleg med det spesialbygde toget sitt.

Besøket kjem medan speskulasjonane går høgt om Kim Jong-il vil trekkje seg tilbake, og kven som eventuelt vil etterfølgje hans som øvste leiar i landet.

Mange har peikt på den yngste sonen hans, Kim Jong-Un, som no truleg er med han til Kina, som den mest sannsynlege etterfølgjaren.

LES OGSÅ: Kva er motivet til Nord-Korea?

LES OGSÅ: Den kalde krigens barn

SISTE NYTT

Siste nytt