Hopp til innhold

- ISAF-soldatar døyr kvar dag

Bruken av vegbomber i Afghanistan er dobla i løpet av eit år, og aukar også i dei områda der det er norske soldatar.

Norske styrker i Afghanistan

Talet på NATO-soldatar som er drepne i Afghanistan har aldri vore høgare. Over 100 soldatar er drepne i juni.

Foto: EGE, RUNE THOMAS, Rune Thomas Ege, Forsvaret / SCANPIX

Oberstløytnant Knut Fredheim, nyleg avgått sjef for stabilibseringsstyrken i Meymaneh, seier dei nesten dagleg får meldingar om drepne NATO-soldatar.

Knut Fredheim

Knut Fredheim.

Foto: Forsvaret

- Vi har måleoppdateringar i Afghanistan og da plukkar vi opp ein del statistikk som gjeld ISAF. Nesten kvar einaste dag er det ein som har omkome i Afghanistan no i vår.

LES OGSÅ: Flertall for å bli i Afghanistan

Talet på heimelaga vegbomber aukar i Afghanistan. Den tidligare sjefen for stabiliseringsstyrken i Meymaneh seier meldingane om vegbomber kjem oftare no enn tidlegare år.

- No i 2010 ser det ut til at trenden med heimelaga vegbomber fortset, seier Fredheim.

LES OGSÅ: Åpner for Afghanistan-utvidelse

LES OGSÅ: - Umulig å vinne krigen i Afghanistan

101 drepne NATO-soldatar i juni

Talet på NATO-soldatar i Afghanistan som er drepne i juni måned har passert 100, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Det er den uavhengige websiden icasualties.org som ifølgje AFP har oppdatert talet på drepne utanlandske NATO-soldatar i Afghanistan i juni til 101.

Dette gjer juni til den blodigaste månaden sidan starten på krigen for snart ni år sidan. Blant dei falne i juni var dei fire norske soldatane som vart drepne av ei vegbombe 27. juni.

Farlegare i Afghanistan

Henrik Hovland

Henrik Hovland.

Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

- Det vert stadig farlegere i Afghanistan og ein av grunnane til det er vegbombene, meiner forfattar og forsvarskommentator Henrik Hovland.

Ifølgje ein fersk rapport frå FN skjer det nær dobbelt så mange angrep med heimelaga vegbomber samanlikna med dei fire første månadane i fjor.

- Rapporten frå Afghanistan gir jo inntrykk av at fiendane, altså Taliban og andre grupper der nede, har eit visst momentum. At dei styrker stillinga si. Vegbombene er ein del av det bildet, seier Hovland.

LES OGSÅ: – Denne gangen holdt ikke beskyttelsen

Og vegbombene er eit effektivt våpen, fortel Hovland.

- Dette er eit våpen som fungerer. Det såg vi i Irak. Vegbombene vart jo meir og meir sofistikerte i Irak og vart den største trusselen mot amerikanske soldatar.

At bombene har blitt meir avanserte kan oberstløyntant Fredheim stadfeste.

- Dei har ein tendens til å tilpasse seg våre mottiltak, for å seie det slik.

I tillegg til at vegbombene har skulda for at talet på drepne soldatar no er høgare enn nokonsinne, står slike heimelaga bomber også bak eit stort fleirtall av dei sivile drepne i landet, ifølgje FN.


SISTE NYTT

Siste nytt