NRK Meny
Normal

- Ikkje på grunn av fredsprisen

Den drapssikta kinesaren Zhao Fei vart ikkje sett fri på grunn av Nobels fredspris, men på grunn av manglande etterforskingsdokument frå Ungarn, opplyser kinesiske styresmakter.

Zhao Fei skal ha innrømmet drapet i Budapest i Kina

Zhao Fei har vedgått drapet på norske Pernille Marie Thronsen.

Foto: Ungarsk politi | Grafikk: NRK Grafikk/Øyvind Bye Skille

Ragnhild Imerslund

Underdirektør Ragnhild Imerslund i UD stadfestar no at Zhao Fei er sett fri.

Foto: Utenriksdepartementet

Etter det UD kjenner til vart Zhao Fei sett fri med meldeplikt alt i slutten av september, altså for over to veker sidan. Det er uklart kvifor saka ikkje har vorte kjend før i kveld.

Sett fri med meldeplikt

- Vi fekk melding frå kinesiske styresmakter i slutten av sist veke om at Zhao Fei vart sett fri med meldeplikt etter å ha vore fengsla i 30 dagar. Ein kan etter kinesisk lov ikkje halde ein person i varetekt i meir enn 30 dagar utan å ha fått nytt bevismateriale, seier underdirektør Raghild Imerslund i UD.

Ho seier at norsk UD har full tillit til forklaringa som er gitt av kinesiske styresmakter om kvifor Zhao Fei er sett fri.

Tidlegare i dag sa UD at dei ikkje kjende til at den drapssikta mannen var sett fri.

Det er uklart kvifor ungarsk politi ikkje har sendt over bevis frå etterforskinga etter drapet. Det er Kripos som har det nasjonale ansvaret for å ha kontakt med utanlandsk politi og med dei internasjonale politiorganisasjonane, men ingen i Kripos vil kommentere saka i kveld.

Anders Magnus

NRKs korrespondent i Kina, Anders Magnus.

Foto: NRK

NRKs korrespondent i Kina, Anders Magnus, seier at det var den nordiske politikoordinatoren i Beijing, ein dansk politimann, som først fekk opplyst via epost frå kinesiske styresmakter at den drapssikta mannen var sett fri.

LES OGSÅ: Zhao Fei sett fri frå fengsel

Normale prosedyrar

I denne eposten heiter det at Zhao Fei vart sett fri etter «normale prosedyrar».

Anders Magnus fekk beskjed om lauslatinga klokka to på natta lokal tid, og han har ikkje fått snakka med så mange kjelder. Men dei han har snakka med seier at det er svært uvanleg at drapssikta personar blir sette fri før rettssaka.

LES OGSÅ: - Zhao innrømmer drapet på Pernille

LES OGSÅ: – Familien er veldig lettet

Når slikt skjer er det ofte fordi den arresterte har ein alvorleg mental sjukdom, og såleis treng legehjelp. Men det er svært uvanleg, seier Magnus.

Pernille Marie Thronsen

Pernille Marie Thronsen vart drepen i Budapest.

Foto: Privat

Det var 30. august i år at 21 år gamle Pernille Marie Thronsen vart funnen drepen i eit rom som Zhao Fei hadde leigd på Hostel Flora i Budapest 30. august i år.

Melde seg for politiet

Han reiste frå Ungarn med fly få timar etter drapet. Han melde seg for kinesisk politi, og her skal han også ha tilstått drapet på den norske jenta. Kinesiske styresmakter har tidlegare opplyst at han vil bli stilt for retten i Kina.

Kinesiske styresmakter gjorde det også klart at landet ikkje ville vere ein fristad for den drapsmistenkte 26-åringen.

17. september opplyste UD at dei hadde motteke ei skriftleg tleg stadfesting frå kinesiske styresmakter på at Zhao Fei var arrestert, og at han hadde tilstått drapet.

LES OGSÅ: Zhao Fei pågrepet i Kina

LES OGSÅ: – Kan få en rask dødsdom i Kina

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt