Dei to landa har planar om å leggje fram eit resolusjonsforslag om dette neste helg, dersom leiaren for våpeninspektørane i Irak, Hans Blix, i sin rapport til Tryggingsrådet førstkomande fredag konkluderer med at Irak ikkje samarbeider godt nok, skriv avisa.
- For å tidleg å snakke om eit ultimatum, seier Tony Blair.
For tidleg
Ein talsmann for statsminister Tony Blair vil ikkje stadfeste at det er planar om å sette fram eit slikt ultimatum, og seier at det er altfor tidleg å snakke om slike åtgjerder.
Samstundes skriv ei anna engelsk avis, Sunday Times, at fleire land har bede tidlegare president i Sør-Afrika, Nelson Mandela, om å vere mellommann for å prøve å overtale Saddam Hussein til å forlate Irak friviljug.
Det skal vere fleire av Irak sine naboland som har bede Mandela om å hjelpe til, skriv avisa.
Zelda la Grange, talskvinne for Nelson Mandela, seier i ein kommentar at ekspresidenten stadig vekk blir kontakta av folk frå fleire hald, men at han berre kjem til å gripe inn dersom FN ber han om det.
- Han kjem til å støtte alle krav som bli gjort av FN, også om verdsorganisasjonen krev at Saddam Hussein skal gå av, seier La Grange til Sunday Times.
Nelson Mandela vil mekle dersom FN ber han om det.
Fredsprisvinnar Nelson Mandela har tidlegare kome med sterk kritikk av USA si rolle i denne konflikten, og sagt at George Bush kan kome til å styrte verda ut i eit øydeleggjande blodbad.
Belgia
Utanriksministeren i Belgia, Louis Michel, sa i dag at Belgia kjem til å blokkere ei avgjerd i NATO om å planleggje korleis organisasjonen skal hjelpe Tyrkia i tilfelle ein krig i Irak.
Forhandlingane i NATO held fram i morgon, og det blir lagt sterkt press på Frankrike, Tyskland og Belgia om å støtte resten av medlemslanda i å setje i gang førebuingar for å hjelpe Tyrkia.
Dei tre landa seier på si side at førebuingar til å hjelpe Tyrkia vil øydeleggje arbeidet for å få til ei fredeleg løysing på krisa. Dei andre NATO-landa meiner at å nekte å vere med på slike førebuingar, framstår NATO som om organisasjonen ikkje meiner alvor nård et er snakk om avvæpning av Irak.