Hopp til innhold

- Det hemmelege USA ute av kontroll

- Dei hemmelege tenestene i USA har vakse så enormt etter 11. september 2001, at heller ikkje regjeringa kjenner omfanget, skriv den amerikanske avisa The Washington Post.

Amerikansk etterretning og antiterrorarbeid er langt meir enn CIA.

Amerikansk etterretning og antiterrorarbeid er langt meir enn CIA.

Foto: SAUL LOEB / AFP

To av dei mest kjende gravejournalistane i The Washington Post , Diana Priest og William M. Arkin, har brukt to år på grave fram opplysningane som blei publiserte i avisa i dag.

Uhandterleg

Amerikansk rekrutteringsplakat.

Uncle Sam rekrutterer ikkje berre tradisjonelle soldatar.

Foto: Scanpix / SCANPIX

- Snart ni år etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001, har byråkratiet til dei hemmelege tenestene, som skal hindre nye terrorangrep mot USA, blitt så uhandterleg og så hemmeleg, at ingen veit kor mykje det kostar, kor mange som arbeider med det, kor mange prosjekt eller program som er etablerte eller kor mange ulike byrå som arbeider med akkurat det same, skriv dei to journalistane.

Her er litt av det The Washington Post har funne ut:

  • 1271 offentlege organisasjonar og 1931 private firma arbeider med antiterrortiltak, innanlands tryggleik og etterretning frå rundt 10.000 kontor rundt om i USA.
  • Rundt 854.000 menneske, nær ein og ein halv gong så mange som bur i Washington, har høgste tryggingsklarering for å jobbe med slike saker.
  • 33 bygningskompleks som skal brukast av topphemmelege organisasjonar, er bygde sidan 11.9 2001 eller er under bygging. Bygningsmassen tilsvarar tre gonger Pentagon (det amerikanske forsvarsdepartementet) eller 22 gonger Capitol (den amerikanske nasjonalforsamlinga).
  • Mange av tryggingstenestene og etterretningstenestene gjer same arbeidet. 51 organisasjonar og militære avdelingar, som opererer i 15 amerikanske byar, jobbar med å spore pengeflaumen til og frå terrororganisasjonar.
  • Dei ulike byråa og organisasjonane produserer 50.000 etterretningsrapportar kvart år, eit volum som er så stort at mange av rapportane aldri blir lesne.
Skytemassakren på Fort Hood

13 soldatar vart drepne i massakren på militærbasen Fort Hood.

Foto: Scanpix/AP

Fort Hood og Detroit

Avisa gjer eit poeng ut av at dei hemmelege tenestene ikkje har greidd å hindre to av dei mest alvorlege forsøka på terror i USA dei siste åra. Det gjeld Fort Hood-massakren, der 13 soldatar vart drepne av ein medsoldat med islamistiske sympatiar, og forsøket på å sprengje eit fly i lufta i Detroit 1. juledag i fjor.

13 drept i skytemassakre i Texas

Hadde eksplosiver sydd inn i undertøyet

I det siste tilfellet var det ein observant flypassasjer som slo alarm, og som på denne måten avverja ein katastrofe.

Den pensjonerte generalen John Vines, som har hatt kommandoen over 145.000 soldatar i Irak, er ein av fleire som har kome med til dels sterk kritikk av den kraftige veksten i dei hemmelege tenestene.

Uoversiktleg

USAs forsvarsminister Robert Gates

Forsvarsminister Robert Gates vedgår at det er vanskeleg å ha oversikta over dei hemmelege tenestene.

Foto: Murad Sezer / Scanpix/Reuters

Alt for eitt og eit halvt år sidan sa han at systemet var så komplisert at det ikkje var mogleg å skaffe seg oversikt.

Forsvarsminister Robert Gates vedgår overfor The Washington Post at veksten har vore så kraftig at det er vanskeleg å ha kontrollen.

- Veksten sidan 11.9. 2001 har vore så stor at det er ei stor utfordring å handtere dette området, seier han i eit intervju med avisa sist veke.

Ein høgtståande tenestemann i Pentagon seier det slik til avisa:

- Eg kjem ikkje til å leve lenge nok til å bli orientert om alt som desse byråa legg fram.

Les heile rapporten her: The Washington Post

SISTE NYTT

Siste nytt