Hopp til innhold

- Dei hadde aldri ein sjanse

- Dei som var om bord i bussen hadde aldri ein sjanse. Det var flammar på alle kantar, seier brannmannen Dudu Vanunu. 40 menneske omkom i katastrofebrannen i Israel.

Enorm skogbrann herjer i Israel

Dei utbrende restane av bussen der 40 menneske miste livet i ettermiddag.

Foto: STRINGER/ISRAEL / Reuters

Enorm skogbrann herjer i Israel

Eit brannsløkkingsfly i aksjon over brannområdet.

Foto: ROY EL / Afp
Katastrofal skogbrann i Israel

Brannmann i aksjon mot flammane.

SE BILDENE:

Enorm skogbrann herjar Israel

Ein enorm skogbrann herjar nær Haifa i det nordlege Israel. Brannen trua Damon-fengselet, som ligg midt i brannområdet på Carmelfjellet, ikkje langt frå Haifa. Det vart avgjort at dei rundt 500 fangane i fengselet skulle evakuerast. Det er stort sett palestinske innsette i fengselet.

LES OGSÅ: Minst 40 døde i skogbrann i Israel

Flammar på alle kantar

Ein buss med rundt 40 fangevaktarar vart send til fengselet for å bistå i evakueringa. Men dei kom aldri så langt. På vegen til fengselet køyrde dei inn i brannområdet, og med eitt brann det på alle kantar av bussen.

- Flammane slo inn mot bussen. Dei hadde hadde ikkje ein sjanse. Det var ikkje mogleg å snu, og dei kom ikkje rett fram. Det var forferdeleg å sjå, og det minte meg om eit bombenedslag, seier ein tydeleg merkt Dudu Vanunu til den israelske fjernsynsstasjonen Kanal 2.

- Dei kunne ikkje overleve. Dei hadde ingenting å verne seg med, legg han til.

Politisjefen i Haifa køyrde rett bakk bussen, og bilen hans vart også teken av flammane. Han er kritisk skadd, medan to politimenn er sakna, høgst truleg er dei blant dei omkomne.

Hjelp frå utlandet

Statsminister Benjamin Netanyahu har bede om hjelp frå Hellas, Kypros, Italia og Russland. Hellas har alt gjort det klart at dei sender fire brannsløkkingsfly. Også Tyrkia har sagt at dei vil sende brannsløkkingsfly.

Netanyahu kallar brannen den verste i den 62 år lange historia til den israelske staten.

LES OGSÅ: Hellas sender fire brannfly

Alle dei rundt 1500 brannmennene i Israel er henta inn for å kjempe mot flammane, men det er ei svært vanskeleg oppgåve. Det har ikkje regna på fleire månader og det er sterk vind og høge temperaturar. Vinden i kveld er på rundt 30 kilometer i timen, noko som gjer det svært vanskeleg å få bukt med flammane.

November var den varmaste på 60 år, og også i dag var temperaturen i Haifa-området over 30 grader.

Brannmannskapa kjempar mot den øydeleggjande brannen både frå bakken og frå lufta. Fleire brannsløkkingsfly og helikopter er i aktivitet, og i morgon kjem hjelp også frå utlandet.

Fleire tusen evakuerte

Ein arabisk landsby, ein kibbutz, eit luksushotell og fleire hundre private hus er evakuerte i løpet av ettermiddagen. Fleire tusen menneske er evakuerte frå heimane sine.

Politiet trur brannen starta på ein ulovleg søppelplass, men dei kan ikkje seie om brannen er påsett eller ikkje.

SISTE NYTT

Siste nytt