Hellas sender fire brannfly

Hellas sender fire brannsløkkingsfly til Israel for å hjelpe til med å stanse den katastrofale skogbrannen som herjar landet.

Katastrofal skogbrann i det nordlege Israel

Ein frivillig må kjøle seg ned med vatn under sløkkingsarbeidet.

Foto: Yaron Kaminsky / Ap
Giorgos Papandreou

Giorgios Papandreou har sendt fire brannsløkkingsfly til israel.

Foto: JOHN MACDOUGALL / Afp

Minst 40 menneske har mist livet i brannen, og fleire tiltals er skadde. Over 2000 menneske er evakuerte frå heimane sine, og alt tilgjengeleg brannmannskap frå heile Israel er med i sløkkingsarbeidet.

LES OGSÅ: Minst 40 døde i skogbrann i Israel

Også militære mannskap er med i sløkkinga, men brannen er enno ikkje under kontroll.

Statsministeren i Hellas, Giorgios Papandreou, gav ordre om å sende dei fire flya til Israel etter at han fekk ein telefon frå sin israelske kollega Benjamin Netanyahu med bønn om hjelp.

Dei fire flya vil kome fram i morgon tidleg, etter mellomlanding på Rhodos for etterfyllling av drivstoff.

Netanyahu har også bede om hjelp frå Kypros, Italia og Russland. Seint i kveld gjorde også Tyrkia det klart at dei ville sende brannsløkkingsfly til Israel.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt