Hopp til innhold

- Alle husa er jamna med jorda

Ingen hus står att i byane ved skjelvsenteret etter det kraftige jordskjelvet i sørvest Kina.

Øydeleggjingar etter jordskjelvet i Kina
Foto: STRINGER/CHINA / REUTERS

Dei er alle jamna med jorda, seier Wang Yi i politiet si krisegruppa. I nokre byar står det ikkje att eit einaste hus og tapa er omfattande.

Leitar desperat etter overlevande

Redningsmannskapa har ein vanskeleg jobb der dei desperat grev etter overlevande i ruinane av samanraste bygningar i Sichuan-provinsen.

Regn og uver gjer jobben endå tyngre og sjølv om det er venta eit lite opphald onsdag, kjem nedbøren til å halda fram resten av veka, melder det meteorologiske instituttet i Kina.

Stor fare for jordskred

Skriv regn og utglidingar i jordskorpa som følgje av det kraftige jordskjelvet måndag, gjer faren for jordskred mykje større.

Dei mange jordskredene har gjort det umogleg å ta seg fram fleire stadar og det er vanskeleg for redningsmannskapa å ta seg inn til dei ramma områda.

Forsvaret har også vore tvungne til å avlysa lufttransport av forsyningar til landsbyar og byar rundt skjelvsenteret, grunna torever.

SISTE NYTT

Siste nytt