Hopp til innhold

Sterk israelsk reaksjon på palestinsk samlingsregjering

Israels statsminister Benjamin Netanyahu reagerer sterkt på at den palestinske presidenten Mahmoud Abbas har inngått avtale om ei samlingsregjering med islamistorganisasjonen Hamas.

Mahmoud Abbas (t.v.) og Khaled Meshaal har inngått avtale om ei palestinsk samlingsregjering.

Qatars emir Hamad bin Khalifa al-Thani gratulerer Mahmoud Abbas (t.v.) og Khaled Meshaal (t.h.) med avtalen.

Foto: STRINGER / Reuters

– Abbas har gått bort frå fredssporet og inngått ein allianse med Hamas. Hamas er ein terrororganisasjon som vil øydeleggje Israel. Abbas kan ikkje både søkje fred med Israel og samarbeide med Hamas. Hamas og fred går ikkje saman, sa Netanyahu i ettermiddag.

Netanyahu

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at Abbas må velje mellom fred med Israel og samarbeid med Hamas.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Det var tidlegare i dag at Mahmoud Abbas og Hamas-leiaren Khaled Meshaal vart samde om ei samlingsregjering, som skal bane vegen fram mot president- og parlamentsval både på Gazastripa og på Vestbreidda.

Regjering av teknokratar

Regjeringa, som skal leiast av Mahmoud Abbas, skal elles bestå av teknokratar utan politiske band til korkje Fatah eller Hamas.

Det er ikkje sett nokon dato for når regjeringa skal tre saman, og det er heller ikkje klart når det eventuelt skal haldast val.

Den såkalla Dohan-erklæringa vart underteikna av Abas og Meshaal i hovudstaden Doha i Qatar i dag. Avtalen inneber at dei to rivaliserande palestinske fraksjonane skal danne ei overgangsregjering. Denne regjeringa skal førebu parlaments- og presidentval i dei palestinske områda.

LES OGSÅ: – Fatah og Hamas enige om nyvalg

LES OGSÅ: Kastet sko etter Ban Ki-moon

Fayyad er ute

Den nye regjeringa skal også følgje opp gjenoppbygginga av Gazastripa etter krigen med Israel for tre år sidan. Noverande statsminister Salam Fayyad, som har hatt stor støtte blant vestlege leiarar, skal overlate statsministerposten til Mahmoud Abbas.

Mahmoud Abbas (t.v.) og Khaled Meshaal.

Mahmoud Abbas (t.v.) og Khaled Meshaal etter å ha skrive under avtalen. I midten emiren av Qatar.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er likevel uklart om Fayyad vil forlate regjeringa, eller om han skal inn i ein annan ministerpost.

Sist det var val i dei palestinske områda var i 2006. Då vann Hamas ein klar siger, og det kom til brot mellom Hamas og Fatah. Eitt år seinare tok Hamas kontroll over Gazastripa, der dei innførte eit islamistisk styre. Fatah har hatt makta på Vestbreidda.

LES OGSÅ: Israel løslot 550 fanger etter Shalit-avtalen

– Unngjekk viktige spørsmål

Den nye overgangsregjeringa skal i utgangspunktet styre både Vestbreidda og Gazastripa, men det er høgst uklart om dette vil skje.

Den palestinske politiske analytikaren Hani al Masri seier at Fatah og Hamas har unngått dei viktigaste politiske spørsmålet.

– Dei ventar på dei internasjonale reaksjonane. Dette gjer at alle dei viktigaste spørsmåla er lagde på is, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Ismail Haniyeh er statsminister i dei palestinske områda.

Ismail Haniyeh, statsminister på Gazastripa, ynskjer Doha-avtalen velkomen.

Foto: SUHAIB SALEM / REUTERS

Ei diplomatkjelde Reuters har snakka med seier at Khaled Meshaal, som har leidd Hamas frå sitt eksil i Damaskus i Syria, kan ha inngått avtalen utan å koordinere det hos Hamas-leiarane på Gazastripa. Meshaal varsla nyleg at han ikkje vil ta gjenval som Hamas-leiar.

Haniyeh er positiv

Diplomaten meiner at avtalen i dag kom som ei overrasking på leiarane på Gazastripa, og at det såleis er uklart om avtalen vil bli ein realitet. Men Hamas-statsministeren på Gazastripa, Ismail Haniyeh, har ynskt avtalen velkomen, og seier at han ville hjelpe til med å implementere Doha-avtalen.

Eit hovudskilje mellom Fatah og Hamas har vore synet på Israel. Fatah vil godta ei tostatsløysing med Israel med grensene frå før krigen i 1967 som utgangspunkt. Hamas nektar å godkjenne Israel, og vil ikkje forhandle med landet.

SISTE NYTT

Siste nytt