Hopp til innhold

- 17 år gammal enkje bak terror

Russiske etterforskarar har identifisert ei av dei to kvinnene som sprengde seg i lufta på metroen i Moskva måndag, som ei 17 år gammal «svart enkje».

 Dzhennet Abdurakhmanova avbilda saman med ektemannen Umalat

Dzhennet Abdurakhmanova avbilda saman med ektemannen Umalat Magomedov.

Foto: HO / AFP

Dimitrij Medvedev under eit møte i Dagestan.

Russlands president Dimitrij Medvedev lovar hard kamp mot dei som står bak terroren.

Foto: MIKHAIL KLIMENTYEV / AFP

Ho blir i Moskva-avisa Kommersant identifisert som Dzhennet Abdurakhmanova, 17 år gammal og enkje etter den dagestanske opprørsleiaren Umalat Magomedov, som vart drepen av russiske styrkar sist nyttårsaftan.

Avisa siterer kjelder blant politietterforskarar i Dagestan.

LES OGSÅ: - Del av sjølvmordsbrigade på 30

LES OGSÅ: – Jeg beordret Moskva-bombene

LES OGSÅ: - Kan være samme gruppen bak angrepene i Russland

Poserer med pistol

Kommersant har publisert eit bilete av den barnsleg utsjåande 17-åringen, kledd i hijab, saman med Magomedov. Begge to poserer med kvar sin pistol. Det er uklart om dei to var lovleg gift, for Magdomedov har ikkje giftering på seg på biletet.

Abdurakhmanova kjem frå Khasajuvortskij-distriktet i Dagestan, og ho møte Magomedov som 16-åring etter å ha teke kontakt med opprørarane via Internett, melder avisa.

Magomedov vart drepen i ein spesialoperasjon av russiske antiterrorstyrkar nyttårsaftan 2009.

Etterforskarane trur den 17 år gamle jenta utløyste den første av dei to sjølvmordsbombene i Moskva-metroen sist måndag. Talet på drepne steig i dag til 40, etter at ein 51 år gammal mann døydde på sjukehuset. 85 menneske vart såra, og for fleire av dei er tiltanden kritisk.

Sjokkbølgjer

Kvinna bak det andre angrepet er ikkje identifisert, men politiet har mistanke om at det kan vere ei namngitt tsjetsjenk kvinne

Terrorangrepa sende ei sjokkbølgje gjennom det russiske samfunnet, og det er frykt for fleire angrep frå dei såkalla «svarte enkjene». Det vart gjennomført fleire alvorlege angrep av «svarte enkjer» tidleg på 2000-talet.

Felles for desse kvinnene var at dei var enkjer etter opprørarar som var drepne av russiske styrkar.

Russiske styresmakter har offentleggjort bilete av to maltrakterte kvinnelik, som truleg er dei to sjølvmordsbombarane. Dette biletet har vore det viktigaste sporet for etterforskarane.

Gravferd etter Moskva-terroren

Frå ei felles gravferd for fleire av offera etter angrepet mot metroen i Moskva.

Foto: STR / AFP

LES OGSÅ: Minst tolv drept i Dagestan

LES OGSÅ: Politiet mener denne mannen dirigerte selvmordsbomberne

SISTE NYTT

Siste nytt