Hopp til innhold

Slik ser bøssa ut

Du må sjå etter ei plombert bøsse og ID-skilt hos bøssebærarane viss du vil gje pengar til TV-aksjonen.

Bøsse TV-aksjonen

Slik ser bøssa ut for TV-aksjonen i år. Ho skal vere plombert slik

Foto: Sindre Camilo Lode / NRK

Bøssene er alltid gråe med grøne lokk. Logoen blir derimot endra frå år til år.

I år er logoen kvit og oransje.

Søndag 20. oktober går TV-aksjonen og verdas største dugnad av stabelen. Mellom klokka 16.00 og 18.00 går frivillige i heile Noreg med bøsse for å samle inn pengar til TV-aksjonen.

For at du skal vere sikker på at pengane du gjev faktisk går til aksjonen, er det eit par ting du kjapt kan sjekke når ein av dei 100.000 bøssebærarane bankar på døra di.

– Alle bøsseberarar i landet er registrerte med namn og ID-nummer, seier aksjonsleiar for TV-aksjonen Vibecke Østby.

Ho legg til:

– Kjem det ein bøssebærar utan klistremerke på kleda eller med ei bøsse utan plombering, bør du ikkje gje pengar.

Bøsse og ID-skilt

ID-nummer på klistremerket på ytterkleda og bøssa skal stemme overeins.

Foto: Sindre Camilo Lode / NRK

Skal vere plombert

Du kan også sjekke at ID-nummeret som er klistra på ytterkleda, stemmer med ID-nummeret som står på bøssa sitt klistremerke.

I tillegg skal det ikkje vere mogleg å ta pengar ut av bøssa.

– Bøssa skal vere plombert. Det er fordi du skal vere sikker på at ingen kan ta pengane ut av bøssa, forklarar Østby.

Plombering

Alle bøsser skal vere plomberte.

Foto: Sindre Camilo Lode / NRK

Har du gløymt å ta ut pengar, kan du enten vippse nummeret som står på bøssa eller så kan du gje her.

Og skulle du sitte igjen med gamle setlar du ikkje fekk veksla inn, så kan du trøyste deg med at dei framleis har verdi for TV-aksjonen.

– Du kan putte dei på bøssa på søndag, seier Christina Johnsen, inntektsleiar i TV-aksjonen.

Seddler

Desse gamle setlane kan du framleis bruke på bøssa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ved alle tilfelle der bøsser blir stolne eller ikkje blir returnerte til komiteen, vil det føre til melding til politiet.