Hopp til innhold

TV-aksjonen: Her er årets programleiarar

Mikkel Niva, Robert Stoltenberg og Ingrid Gjessing Linhave er trioen som leiar sendinga for årets TV-aksjon.

Mikkel Niva, Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg

TV-aksjonen 2019: I år er sendinga frå Rådhuset i Oslo, og programleiarar for kvelden er Mikkel Niva, Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg.

Foto: Erik Burås / NRK

Søndag 20. oktober er det igjen klart for TV-aksjonen. Inntektene i år går til Cares arbeid for å skape betre liv for kvinner i nokre av verdas fattigaste land.

Ingrid Gjessing Linhave
Foto: Erik Burås / NRK

– Det er heilt magisk å vere med på TV-aksjonen. Med 100.000 bøsseberarar over heile landet er ikkje dette berre eit enormt nasjonalt prosjekt, det er verdas største dugnad. Det å få vere med på noko så stort er ein draumejobb, seier Ingrid Gjessing Linhave.

Årets slagord er «No er det hennar tur». Med pengane frå årets TV-aksjon skal CARE gi 400.000 kvinner opplæring i å starte eiga bedrift, få eiga inntekt, moglegheit til å spare og låne pengar, rett til å bestemme over eigen kropp, og til å delta og bli høyrt i politikken og i lokalsamfunnet. Dette vil gi ringverknader for meir enn 1,5 millionar menneske.

– Årets sak er ikkje noko «quick fix». Det handlar om langsiktige, berekraftige løysingar som det tek tid å få fram, seier Mikkel Niva. Han har vore på reise i Rwanda, og sendinga vil by på reportasjar frå turen.

– Eg har sett med eigne auge kor viktig dette arbeidet er, og det håper eg verkeleg vi klarer å få fram, seier Niva.

Inntektene frå TV-aksjonen vil gå til Care i Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

Mikkel Niva og Robert Stoltenberg

Både Mikkel Niva og Robert Stoltenberg har vore på lange reiser i samband med årets TV-aksjon.

Foto: Erik Burås / NRK

– Imponert

Også Robert Stoltenberg har vore på reportasjereise, for hans del gjekk turen til Myanmar.

– Det går knapt ein dag utan at eg tenker på folk eg møtte der. Mange har det svært vanskeleg, og eg vart imponert over motet dei utviser, seier Stoltenberg, som dei fleste kjenner som enten «Jeanette», «Narvestad» eller ein anna komisk karakter.

– Humor er kjempeviktig, men det er faktisk litt deilig å ikkje skulle få folk til å le, men heller til å hjelpe andre. Det er veldig meiningsfullt, og eg kjenner meg privilegert som har fått oppgåva som programleiar for ei så god sak som Cares arbeid, seier Stoltenberg.

Les meir om årets TV-aksjon og om Cares arbeid på www.blimed.no.  

P3aksjonen 10 år

Markus Neby, Adelina Ibishi, Ronny Brede Aase og Tete Lidbom leder årets P3aksjon

Lagar maratonsending: Markus Neby, Adelina Ibishi, Ronny Brede Aase og Tete Lidbom sender frå Solsiden i Trondheim frå den 16. oktober kl. 19.00 til 20. oktober kl. 23.00.

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter / NRK P3

Også i år samlar NRK P3 inn pengar til årets TV-aksjon gjennom P3aksjonen. Ronny Brede Aase, Markus Neby, Adelina Ibishi og Tete Lidbom er vertskap for dei 100 timane med direktesendt radio, der den eine ville utfordringa etter den andre ventar. P3aksjonen har 10-årsjubileum i år, og programleiarane er villige til å gå sine verste mareritt i møte for ein verdig prislapp. Meir om P3aksjonen her: https://p3.no/hundre-timer-eufori/