Hopp til innhold

Ledig stol i gullrekkja

Er du vittig nok til å vitse med Nærum, Almaas og Skåber? TV-aksjonen gir deg sjansen!

Nytt på Nytt-trioen
Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Nytt på Nytt er Noregs aller mest populære tv-program, med drøye 1,3 millionar sjåarar.

Kvar fredag får aktuelle gjestar dissekere nyheitsveka som har gått saman med humortrioen Jon Almaas, Linn Skåber og Knut Nærum.

Under TV-aksjonen får du sjansen til å by på gjesteplass i programmet, og ein sjanse til å teste ut teften din for gode replikkar framfor heile det norske folk!

Auksjonerer vekk tv-tid for tredje gong

Årets auksjon er tredje gong Nytt på Nytt-gjengen inviterer inn gjestar som har støtta TV-aksjonen til studio. Dei er spente på resultatet i år.

- Det hadde vore ekstra gøy å få inn nokon som vann eit veddmål ved å komme, eller kanskje fekk plassen i bryllaupsgåve, funderer Linn Skåber.

Kollega Jon Almaas meiner at auksjonane også har ei fiffig praktisk forklaring.

- Det er stadig vanskelegare for oss å finne folk til å vere gjestar, vi har brukt opp dei fleste. Så difor er det praktisk å kunne hente inn heilt ukjende menneske, hevdar Jon Almaas.

  • Sjå alle godbitane i TV-aksjonens nettauksjon her !

- Hadde det artig heile kvelden

Nærum og Stanghelle

Thomas Stanghelle og Knut Nærum i tv-programmet etter fjorårets auksjon.

Foto: Kristin Granbo / NRK

I fjor var det Herman Berg, redaktør i ABC Nyheter, og komponist og operasongar Thomas Stanghelle som vann bodrunda om plass i det populære tv-programmet.

Berg betalte 46.000 kroner og Stanghelle 51.000 kroner i auksjonen som var til inntekt for Blå Kors. Stanghelle fortel at deltakinga i tv-showet er noko han seint vil gløyme.

- Det var ei surrealistisk oppleving, og eg vart jo først litt smånervøs av å sitje på tv saman med tre av Noregs mest morosame menneske. Men dei var veldig flinke til å spele ball med meg, og eg hadde det moro heile tida.

Fått mykje merksemd i etterkant

Stanghelle fekk spele utdrag frå ein eigenkomponert trekkspelopera saman med ein heil trekkspelklubb i tv-programmet, og har fått mykje positiv respons på stuntet.

- Både folk eg kjenner og folk eg ikkje kjenner kontaktar meg framleis for å seie kor artig dei synest at det var. Det er tydeleg at opptrinnet har blitt lagt merkje til.

Redaktør Berg er einig i at programmet var eit minne for livet.

- Det var utruleg morosamt å vere med. Eg prøvde å ikkje tenkje på kor mange som såg på. Ein treng heldigvis ikkje å vere så hysterisk komisk sjølv, det er berre å hengje seg på dei andre.

Berg legg ikkje skjul på at det var god og billig PR for ABC Nyheter at han var med i programmet.

- Vi tenkte sjølvsagt på dette, men det viktigaste var at pengane vi betalte gjekk til ei god sak. Eg vil oppfordre alle bedrifter til kaste seg inn i auksjonen i år. Det er absolutt ei oppleving som er verd å få med seg.

Dårleg humor inga hindring

Skåber og Berg

Linn Skåber og Herman Berg i Nytt på Nytt.

Foto: Kristin Granbo / NRK

Attende i Nytt på Nytt-redaksjonen, funderer gjengen på kva som skjer dersom dei får inn ein gjest som er blotta for humoristisk sans.

Vinnarane av auksjonen skal i elden allereie helga etter TV-aksjonen.

- Det har då gått bra hittil. Vi kan nok få kven som helst til å passe inn i «mainstream»-familieunderhaldingsformatet, seier Knut Nærum.

- Folk vil jo ikkje tvinge seg inn på ein fest dei ikkje passar inn på, meiner Almaas.

- Jammen – det var jo det einaste eg gjorde heile ungdomstida, kvitterer Skåber.

Det å ha gjestar som har betalt for å komme gjer sendinga spesiell. Men ikkje dårlegare, skal vi tru fredagstrioen.

- Dei som kjem har då lyst til å vere her, så vi tek sjølvsagt for gitt at dei møter opp med mykje sterkare motivasjon enn vanlege gjestar. Men dersom ein betaler fleire millionar for å vere med, skal vi ikkje stille så høge krav altså, seier Nærum.

- Men dersom ein byr lite bør ein vere veldig morosam, legg Almaas til.

- Ein brannmann!

Jon Almaas (t.h.), Linn Skåber og Knut Nærum i "Nytt på nytt".
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Kven som er draumegjesten vil ikkje Nærum, som nett har debutert som Donald Duck-forfattar , seie noko om.

- Eg drøymde at eg var i Berlin her ein dag. Men eg drøymer sjeldan om gjestar i Nytt på Nytt, kjem det tørt frå komikarveteranen.

Linn Skåber har på si side ei lang ønskjeliste.

- Ein brannmann! Eller nokon frå narkolepsiforeininga som kan sove seg gjennom programmet, slik at vi må ha kviskresending. Eller kanskje ein tredjecellist frå eit symfoniorkester som endeleg kan få litt merksemd. Eller nokon frå Nord-Noreg, seier Skåber.

- Oppleving for livet

Fjorårets vinnar, Herman Berg, vil oppfordre alle til å kaste seg inn i auksjonen.

- Det er heilt sprøtt kor mange som seier at dei har sett meg i programmet, både kjentfolk og framande. Dette er nok eit av få program ein framleis kan seie at heile folket sit heime i stovene sine og får med seg.

Thomas Stanghelle trur at ingen vil angre på å ha gjeve litt ekstra til TV-aksjonen på denne måten.

- Det var rett og slett ein utruleg fin kveld. Å få oppleve så dyktige komikarar på nært hald, og kjenne kicket av eit publikum som responderer umiddelbart, det er ei erfaring eg aldri kjem til å gløyme. Det er berre å la det stå til – sannsynlegvis blir det ei oppleving for livet!

- By så det svir!

Jon Almaas

Jon Almaas i aksjon som programleiar.

Foto: NRK

Nytt på Nytt-sjef Almaas lovar å gje gjestane som vinn auksjonen ei heilt spesiell oppleving.

- By så det svir! Møt opp blide, så ordnar vi resten. Vi skal gje deg eit spanande innblikk i NRK sitt velsmurde maskineri.

- Røynda bak den glatte fasaden, supplerer Nærum.

- Ein sjanse til å sjå oss utan sminke, kjem det frå Skåber.

- Og veldig, veldig enkel bevertning, legg Almaas til, før Knut Nærum får siste ord:

- Men vi lovar ikkje noko utover dette altså. Vi kjem ikkje heim til deg og vaskar vindauge dine.