er Noregs aller største radioprogram, med kring 600.000 faste lyttarar på kvardagar, og 7-800.000 på laurdagar.
- Sjå bilete:
Sidan starten i 1965, har den folkelege morgonsendinga sett mange spor etter seg i norsk kulturhistorie.
No har radioprogrammet gått ut med ei real utfordring til alle landets kommunar og fylkeskommunar: By på ei eksklusiv direktesending med Nitimen i TV-aksjonens nettauksjon!
- Legg inn bud på Nitimen si radiosending NB! Det er berre kommunar og fylkeskommunar som kan by i denne auksjonen.
- Får nasjonal merksemd
Radioprogrammet har lange tradisjonar med å sende frå ulike kantar av landet, men dette er første gong Nitimen auksjonerer vekk ei heil sending for TV-aksjonen.
- Les: .
Programleiar Hanne Hoftun trur resultatet vil bli ei flott oppleving.
- Vi vil ikkje berre vere til stades på den flekken av kartet vinnarbodet kjem frå, men også finne tak i dei interessante menneska som bur der. Sendinga vil verte påverka av det staden har å by på, og nett som Melodi Grand Prix sine delfinalar, er dette ein flott sjanse til å få merksemd til nærområdet sitt.
Ho påpeiker at Nitimen kjem på besøk for å lage radio og ikkje rein reklame, men at resultatet vil bli spanande både for lyttarane og for dei som bur på staden som vinn auksjonen.
- Vi slår to fluger i ein smekk: Nitimen får anledning til å komme ut til lyttarane, samtidig som vi får hjelpe til med å samle inn pengar til ei god og viktig sak.
- Les:
Første bod: 20.000 kroner
Denne auksjonen kunne fort blitt ein kamp mellom dei rikaste kommunane i landet, men Nitimen-veteran Hans-Petter Jacobsen trur utfallet kan bli meir spanande enn som så.
I radiostudioet har han nemleg nettopp fått inn første bod på lufta: Oslo kommune har bode 20.000 kroner for at vesle Hurdal i nabofylket Akershus skal få Nitimens direktesending på besøk.
- Kanskje kan vi håpe på ein trend der dei største kommunane stiller opp for å gje sendinga i gåve til sine små naboar?
Jørn Ivar Baade, informasjonssjef i KS (interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen for alle norske kommunar), trur også dei små vil kunne få mykje ut av auksjonen.
- Dette er jo ei fin mogelegheit for dei kommunane som meiner dei har noko å tilby, men som ikkje når ut med det i andre samanhengar. Å få Nitimen på besøk, må vere ein fin sjanse til å bli høyrd av nordmenn over heile landet.
- Sjå heile nettauksjonen til TV-aksjonen !
Heile landet aktuelt
Programleiar Jacobsen gler seg til å reise ut og lage programmet til støtte for TV-aksjonen, som truleg vil bli sendt allereie før nyttår.
- Det blir spanande å sjå kor langt vi skal reise. Vi har avgrensa oss til fastlands-Noreg og treng brukande sendeforhold, men uansett kvar det blir skal vi klare å få vise fram staden på radio, fortelje om attraksjonar og drage fram menneska som bur der.
Når det gjeld favoritten til å vinne, har programleiarteamet kvar sine oppfordringar:
- Eg meiner indre austland bør kjenne si vitjingstid, meiner Hans-Petter Jacobsen.
- Eg håper på at ei kommune i Rogaland slår til, sidan eg har vakse opp på Jæren, kvitterer kollega Karin Wetlesen.
- Hjartet seier Lier kommune, men eg har lyst til lage Nitimen frå ein kommune i Finmark, til dømes Kautokeino eller Alta – det er alltid utruleg gøy å få oppleve den delen av landet, konkluderer Hanne Hoftun.
Dermed skulle det vere duka for ein spanande landskamp fram mot TV-aksjonen 18. Oktober!
- Les også: