– Det burde ikkje vere mogeleg å søke om å bygge ut i reinbeiteområde så lenge me har eit pågåande menneskerettsbrot i Noreg overfor urbefolkninga vår.
Det seier Sofie Marhaug frå Rødt. Ho er også andre nestleiar Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Raudt legger fram eit forslag om at all vindkraftutbygging i reinbeiteområde blir lagt på is. Altså at ein ikkje går vidare med nokon sånne planar.
– Me seier at det må bli ein slutt på det, så lenge Fosen-dommen ikkje er følgt opp, legg Marhaug til.
Til forslaget svarar statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther frå Arbeidarpartiet, at det vil bli behandla på vanleg vis når det blir fremja i Stortinget.
– Og då vil også regjeringa sitt syn på eventuelle forslag kome fram, legg Sæther til.
To år med menneskerettsbrot
11. oktober er det to år sidan Fosen-dommen fall. Dommen slo fast at utbygginga av vindkraftanlegga Roan og Storheia på Fosen er eit brot på menneskerettane og samane si rett til kulturutøving.
– Det har jo gått to år snart sidan dommen frå Høgsterett kom. Det har tatt altfor lang tid. Regjeringa er nøydd til å skunde seg til å få ei løysing på denne saka.
Det seier leiar for Sør-Fosen sijte, Leif Arne Jåma.
Utbygginga av vindkraft på Storheia på Fosen bryt med Jåma si rett til å drive med reinsdyr. Det har Høgsterett slått fast.
Jåma synest forslaget som blir stilt i Stortinget er heilt naturleg og støttar Raudt i forslaget.
– Då slepp andre reinbeiteområde å kome i den same situasjonen som me har gjort, legg reineigaren til.
Leif Arne Jåma på Storheia på Fosen i 2021, halvannan månad etter at dommen frå Høgsterett kom.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrkStort behov for fornybar kraft
På den eine sida har Stortinget rettsleg styrka beskyttinga av reindrifta for kulturutøving for den samiske befolkninga i landet.
Men samstundes er det behov for meir fornybar kraft for å kutte klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030.
Det kom fram frå Hans Majestet Kongen i sin tale til opninga av det 168. Storting.
– Energiomstillinga kostar, men er nødvendig: I sommar fekk me stadig påminningar om at klimaet er i rask endring, sa Hans Majestet.
Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther (Ap) seier at prosjekt for nett og kraft ikkje skal gå ut over rettane til reindrifta.
Foto: Lena Marja Myrskog / NRK– Det er eit stort behov for ny fornybar kraftproduksjon og vindkraft på land speler ei viktig rolle i den samanhengen, seier Sæther.
Likevel skal ikkje dette behovet gå ut over rettane til reindrifta, seier statssekretæren.
– Regjeringa vil i løpet av hausten leggja fram nye tiltak for å mildne arealkonfliktane med reindrifta i samband med utbygging av straumnett og ny kraftproduksjon, forklarar ho.
Dette er det stort behov for, både i Midt- og Nord-Noreg som ligg i det samiske beiteområdet.
I Finnmark viser representantar frå reindriftsnæringa viser til Fosen-dommen når dei skal snakke om vindkraftutbygging med NVE.
– Dette gjer at ein dialog med mål om å få til gode løysingar med gode avbøtande tiltak for reindrifta blir krevjande og er svært ressurskrevjande, skriv NVE i eit notat til Olje- og energidepartementet.
Ikkje berre er det krevjande for NVE, men også for dei råka partane.
– Alle andre reinbeitedistrikt er jo spent på korleis det går med saka vår og det skjønar eg. For det skaper jo ein viss presedens for liknande inngrep i dei reinbeitedistrikta dei høyrer til, seier Jåma.
Også Marhaug er einig med Jåma om at det ikkje burde byggast vindkraft i slike område.
– Det går ikkje an å bygge ut vindkraft i reinbeiteområde når me veit at det kan vere menneskerettsstridig.