Hopp til innhold

To Heddaprisar til Trøndelag Teater

Bård Lie Thorbjørnsen fekk Heddaprisen for scenografien til «Når vi døde våkner» av Henrik Ibsen, og scenekunstnar Lisa Lie fekk pris for særleg kunstnerisk innsats i stykket Blue Motell, som var ein samproduksjon med Trøndelag Teater.

Bård Lie Thorbjørnsen

Her tek Bård Lie Thorbjørnsen i mot Heddaprisen.

Lisa Lie

Scenekunstnar Lisa Lie fekk pris for særleg kunstnerisk innsats i stykket Blue Motell, som var ein samproduksjon med Trøndelag Teater.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Til saman var Trøndelag Teater nominert til ni Heddaprisar. Det var berre Natinaltheatret som var nominert til fleire.

Teatersjef Kristian Seltun tykkjer to prisar er heilt greit.

– Det var ikkje særskilt mykje som var overraskande under utdelinga. Eg tykkjer det var ei fin utdeling i år. Me hadde sterke konkurrentar og utdelinga hadde tidenes beste konferansier, sa Seltun etter utdelinga.

Og han er ikkje skuffa.

– Me har hatt ei jamn stigning i talet på nominasjonar, men det har vore litt varierande kva me har fått av prisar. Dersom me tenkjer som dei gjer i sporten, så er me veldig godt representert i blant dei dyktigaste.

Høgt nivå

Seltun tykkjer nivået er høgt i norsk teater for tida.

– Norsk teater er inne i ein veldig god periode og det tykkjer eg kvelden i kveld viser. Debatten om teater inni og utanfor institusjonane er død. Det blir skapt veldig mykje bra teater i instituasjonane for tida. Det er sikkert provoserande for nokon at eg seier det, men eg er lei den debatten. heldt han fram.

– Det er så mange dyktige scenografar. Det er så mykje godt arbeid med skodespelarane. Eg har følgt norsk teater tett i 20 år og samla sett skjer det veldig mykje bra.

Fantastisk

Bård Lie Thorbjørnsen

Scenograf Bård Lie Thorbjørnsen fekk eit heilt spesielt forhold til Ibsen-stykket «Når vi døde våkner».

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Bård Lie Thorbjørnsen fekk Heddaprisen for scenografien til «Når vi døde våkner» av Henrik Ibsen, som var satt opp ved Trøndelag Teater.

– Det er fantastisk. Kjempegøy. sa Thorbjørnsen etter utdelinga.

Han seier han har eit spesielt forhold til akkurat den produksjonen.

– Det var eit arbeid eg var spesielt nøgd med, som eg tykte klaffa veldig. Det var spesielt å jobbe med det stykket av Ibsen, som var det siste. Då er denne prisen ei stadfesting på at eg har nådd fram.