Hopp til innhold

Testar høgdefilter på Tinder

– No er det over for short kings, skriv ein brukar på X.

en person som holder en telefon

HØG ELLER LÅG? No skal Tinder la deg velje kor høge personane du ser når du sveiper er.

Foto: NRK

Er det lov å seie at ein ynskjer ein partnar som er anten høgare eller lågare enn ein sjølv?

Diskusjonar rundt høgdepreferansar er ikkje noko nytt, men no har dei blussa opp igjen etter at Tinder nyleg la til eit høgdefilter for nokre av dei som betaler for å bruke datingappen.

Høgdefilter på Tinder
Foto: X/Twitter

Les også Vil du slå opp med Tinder? Her er folks egne forslag til hvor du kan finne kjæreste

En kvinne holder mobiltelefonen sin mens skjermen viser ikonene til datingappene Hinge og Tinder.

Meiner det diskriminerer

Det nye filteret har fått ein del kritikk frå mange brukarar på sosiale medium som meiner det diskriminerer menn. Nokre brukarar poengterer at ein ikkje kan gjere noko med høgda si, og fryktar at dette vil gjere at det blir enno vanskelegare for menn på datingappar å treffe kvinner.

Ein brukar skriv blant anna at han aldri hadde møtt kona si, viss dette filteret eksisterte då han var på datingappen.

Medan andre ikkje ser problemet.

Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder
Foto: X/Twitter

Les også Julie (27) har mindre tro på kjærligheten etter å ha vært på datingapper

Julie Bratseth Håkonsen

Kødder på X

Og som alt som eksisterer på sosiale medium så er det òg mange som ler av filteret og meiner at det no er over for short kings, eller kjem med forslag til korleis ein kan få eit par ekstra centimeter.

  • Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder
  • Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder
  • Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder
  • Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder
  • Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder
  • Skjermbilete frå X med reaksjonar på høgdefilteret til Tinder

Ikkje sikkert det blir permanent

Dette er foreløpig berre eit testprosjekt, og ein talsperson frå Tinder skriv at dette er ein preferanse, og ikkje eit filter. Altså at det ikkje er laga som noko som automatisk skal ekskludere andre profilar.

«Vi lyttar alltid til kva som betyr mest for Tinder-brukarane våre, og det at vi testar betalt høgdepreferanse, er eit godt eksempel på korleis vi bygger appen med tydelegheit, klarleik og kontinuitet.

Ikkje alle testar blir permanente funksjonar, men kvar test gir oss innsikt i korleis vi kan skape smartare og meir relevante opplevingar, og løfte heile kategorien vidare.»

Til The Independent seier dei at dei høyrer på brukarane sine, og prøver konstant å tilpasse seg behova deira. Så no vil dei teste høgdepreferanse for å sjå om det er noko som gjer brukaropplevinga betre.

VG skreiv om saka først her i Noreg.

Les også Historisk mange single i Norge

Ola sitter med venner rundt et bord på Studentersamfunnet. I bakgrunnen er det flere bord med studenter som prater sammen.

Både kvinner og menn opplever høgdediskriminering

Mange meiner at dette filteret i hovudsak kjem til å påverke menn på Tinder, men ei undersøking frå OKCupid viser at det ikkje berre er kvinner som er opptekne av høgda på ein potensiell partnar.

Tal derifrå viser at menn ofte seier dei er fem centimeter høgare enn dei eigentleg er. I tillegg så får kvinner på 163 centimeter 60 fleire meldingar i året enn det kvinner på 183 cm får.

Og til slutt så kan vi jo hugse at det finst mange vakre og kjente noverande eller tidlegare par der kvinna har vore høgare enn mannen.

  • en mann og kvinne som poserer for et bilde

    Tom Holland og Zendaya

    Foto: AP
  • Priyanka Chopra og Nick Jonas står ved siden av hverandre

    Priyanka Chopra og Nick Jonas

    Foto: AFP
  • Joe Jonas og Sophie Turner

    Joe Jonas og Sophie Turner før dei skilte seg

    Foto: AP