Hopp til innhold

Fiber til folket i Nord-Trøndelag

Nord-Trøndelag får mest statleg tilskot av alle fylka i 2017 til utbygging av breiband.

Kabellegging av fiber

Fiberkabel blir rulla ut til mange bygder, mest til ordninga fiber i distrikta får i 2017 Nord-Trøndelag

Foto: Arne Flatin / NRK

26 millionar gjekk til Nord-Trøndelag, mens Sør-Trøndelag fekk berre 3,6 millionar, av ei landspott på 138 millionar.

Det vart klart da innvilga tilskot frå staten til fylka vart kjent i dag .

Terje Sørvik

Fylkesråd for regional utvikling i Nord-Trøndelag Terje Sørvik, er glad for mange millionar frå staten til distrikts-breiband.

Foto: Nord-Trøndelag fylkeskommune

– Det er gledeleg. Det betyr at kommunane har levert gode prosjekt for utbygging, seier Terje Sørvik, fylkesråd for regional utvikling i Nord-Trøndelag.

Framover blir det dermed omfattande utbygging av den digitale infrastrukturen i delar av Levanger, Verdal, Steinkjer, Inderøy, Lierne og Flatanger.

Mellom anna blir det breiband på Ytterøya i Levanger, øya som er kalla Trondheimsfjordens perle.

Desse får fiber:

Levanger har satsa på Ytterøya og får sju millionar til å legge fiber på øya i Trondheimsfjorden.

* Flatanger får 3,7 millionar. Her har fylkeskommunen også gitt tilskot til ein sjøkabel.

* Steinkjer får fem millionar til å legge breiband til nye område der.

* Verdal får åtte millionar til å bygge ut i dei delar av Verdalen som per i dag ikkje har eit godt breibandstilbod.

Fiberutbygging i Nord-Trøndelag

Graving av fiber i regi av NTE i Nord-Trøndelag

Foto: NTE

* Inderøy får ein knapp million og der skal det leggast fiber på delar av Utøya.

* Stjørdal får tilskot på ein million til eit prosjekt på grensa mot Levanger, i Langstein.

* Lierne får ein halv million til utbygging i Kvelia-området.

Bygdefiber-prosjekt saman med Nord-Trøndelag E-verk

Nord-Trøndelag har lenge satsa på bygge ut fiber i bygdene, og det fylkeskommunal kraftselskapet, NTE, har eit eige bygdefiberprosjekt med mål å bidra til at det bygges fiberbasert kommunikasjonsnett også i ikkje kommersielt interessante område i fylket.

Dette skjer i samarbeid med og i regi av Nord-Trøndelag fylkeskommune, kommunar og i enkelte tilfelle også private organisasjonar, lokale lag, og eventuelle andre samarbeidspartnarar.

3 000 nye husstandar får raskare nett

Optisk fiberhub

Verda blir digital, også bygdene blir kopla til breiband etter kvart.

Foto: Jakub Pavlinec / Colourbox.com

Tilskota frå staten skal gå til særleg område der offentleg støtte er viktig, fordi kommersiell utbygging ikkje lønar seg.

Gjennom dei nye statlege tilskota som no er gitt, får ein finansiering som vil gi 3 000 nye husstandar i nordfylket fiber og raskare nett.

Det betyr auka bekvemlegheit i kontakt med omverda for mange distriktsområde, i dag når digital infrastruktur blir rekna som eit viktig samfunnsgode.

I alt 138 millionar statlege kroner delte ut

Det er nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forkorta Nkom, som fordeler midlane, som skal gå til kommunar med låg breibandsdekning frå før. Tilskota fordeler seg slik:


Akershus: 5.000.000
Aust-Agder: 750.000
Buskerud: 3.800.000
Finmark: 1.600.000
Hedmark: 22.377.000
Hordaland: 6.000.000
Møte og Romsdal: 4.052.400
Nordland: 11.446.910
Nord-Trøndelag: 26.109.650
Oppland: 15.280.000
Rogaland: 0
Sogn og Fjordane: 24.104.800
Sør-Trøndelag: 3.575.000
Telemark: 8.575.000
Troms: 4.500.000
Vest-Agder: 1.675.000
Østfold: 0
Heile landet: 138.845.760