Hopp til innhold

Brenn for sosial utjamning

Snorre Valen er sosialist, brenn for sosial utjamning, arbeid til alle, likestilling mellom kjønn og ein solidarisk miljøpolitikk og utenrikspolitikk.

Snorre Valen
Foto: privat

– Då er SV partiet, svarar Snorre Valen på kva som blei avgjerande for hans partival.

Kva sak er viktigast for deg å kjempe for dei neste fire åra?

– Det er likeløn mellom kvinner og menn, høghastigheitstog mellom Trondheim og Oslo og ein saftig velferdsreform innan både bustadpolitikk og tannhelse. Min generasjon risikerer å bli gjeldsslavar om vi får tannsjukdomar, og vi får ikkje kjøpt leilegheit utan å ha foreldra våre sine pengar i ryggen. Det går ikkje, seier Valen.

Fokus på miljø og velferd

Sosialistisk Venstreparti vil samarbeide med parti som er villige til å jobbe for ei meir sosial retning i Noreg.

– Eg syns Senterpartiet og Arbeiderpartiet er naturlege samarbeidspartnarar for SV, så lenge vi får gjennomslag innan miljø- og velferdspolitikken, seier Valen.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Høgre, Frp og KrF er parti som er så fjernt frå SV sine ideal om utjamning og like rettar for alle, at vi heilt klart ikkje vil kunne samarbeide.

Heller rushtidsavgift

Sosialistisk Venstreparti er ikkje glade i avgifter, men meiner ei bompengefinansiering må til om ikkje staten tek grep.

– I mange tilfelle, som i Trondheim, vil vi heller ha rushtidsavgift og vegprising framfor bompengefinansiering, på grunn av omfordelings- og miljøeffekten, forklarar Valen.

Meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Her i landet er det fullt muleg å kombinere trygge tilhøve for dyrehald samstundes som vi opprettheld våre internasjonale plikter for å ta vare på truga artar. Artsmangfaldet er ein viktig del av miljøpolitikken, og gode kompensasjonsordningar må sikrast for å trygge livsgrunnlaget til bønder. Eg er tildømes positiv til ordningar med gjetar i Trøndelag.

La kommunane avgjere

Kva meiner du om å slå sammen kommunar i Trøndelag?

– Det er eit spørsmål det må vere oppslutnad for i kommunene sjølv. Eg er ikkje tilhengar av å overstyre lokaldemokratiet i slike prosessar. Når det er sagt meiner eg ikkje det er negativt at kommunekartet utviklar seg, seier SV-politikaren.

Send epost til Snorre Valen
Besøk Snorre Valens blogg
Møt Snorre Valen på Facebook
Følg Snorre Valen på Twitter