Brit Sandaune
Sandaune, som er midtbanespelar på Trondheims Ørn, og venstre back på landslaget, er svært glad for å ha fått prisen.
- Eg har aldri fått ein slik pris tidlegare, så dette er veldig artig. Det er motspelarar og trenarar som har bestemt at eg skal få denne prisen, og det betyr sjølvsagt mykje.
Hadde du venta å få prisen?
- Nei, absolutt ikkje. Det er veldig vanskeleg å vurdere seg sjølv. Det er mange gode spelarar i toppserien, så det er nok fleire som kunne fått denne prisen.
Usikker om neste sesong
Brit Sandaune har signalisert at ho gir seg på landslaget etter kampen mot Spania seinare i november. Om ho blir å finne på midtbanen til Trondheims Ørn neste år er ho framleis usikker på.
- Eg ventar til sesongen er slutt før eg bestemmer meg om eg skal spele på Trondheims Ørn også neste år. Det er klart det fristar å spele i europacupen, så eg er veldig usikker, men eg bestemmer meg først etter sesongslutt, seier Sandaune.