NRK Meny
Normal

Roald spionerte for USA under den kalde krigen

HALTDALEN (NRK): Unge nordmenn vart under den kalde krigen rekruttert til etterretningsoppdrag i nordområda og i kommuniststatar i Asia. No står tidlegare sjømann Roald Evensen fram med sin historie.

Han reiste til sjøs som maskinist på 1960-tallet. Men han var også en av de norske sjøfolkene som hjalp norsk etteretning. Nå forteller han om det risikable oppdraget i Kina.

Roald Evensen var ein del av etteretningsnettverket " Delfinus" under den kalde krigen.

– Eg hadde gjort det igjen, seier Roald Evensen, tidlegare sjømann og fotospion i etterretningsnettverket «Delfinus».

Han ser på rattet på veggen bak seg. Eit ratt som har segla langs kysten av Kina i ei årrekkje på skipet «Sunnyville», eigd av reiarlaget Klaveness. Den gang under namnet «Rytter Dahl».

– Det har ikkje noko med politikk eller ideologi å gjere. Dersom eg var like ung i dag som den gong eg fekk førespurnaden, så hadde eg late meg overtale ein gong til. det er eg ganske overtydd om, seier han ettertenksamt.

Kina var eit lukka land frå 1949 under kommunistleiaren Mao Zedong.

Roald Evensen

Roald Evensen ringer i skipsklokka som står på tunet i Haltdalen.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Spenning og adrenalin

I 1948 vart skipsetterretninga, med kodenamn «Delfinus» organisert for å skaffe opplysningar om dei militære aktivitetane i austblokka. Skipsetterretninga, som Evensen vart ein del av, vart starta av den norske kommandørkapteinen og etteretningsoffiseren Alf «Mamen» Martens Meyer. Etterretningssjef på den tida Vilhelm Evang gav ordre om oppdraget etter at britane og amerikanarane hadde sett potensialet til den norske handelsflåta. Etter kvart vart etterretningsområdet utvida til andre deler av verda. Til dømes Midtausten, Svartehavet og kommunistatar i Asia, ifølgje Maritimt Magasin.

Han var i byrjinga av 20-åra den gong og utan familie.

– Eg gjorde det for spenninga si skuld. Livet som spion gir adrenalin og variasjon i kvardagen.

Pengar fekk spionane ikkje.

– Me fekk nokre få dollar og ein fest i ny og ne. Ikkje noko meir, fortel han.

I dag bur Evensen i idylliske Haltdalen i Sør- Trøndelag. Han har ei yrkeskarriere som både sjømann og journalist bak seg. I dag er han pensjonist, men framleis aktiv skribent og somme stunder maskinist i Kystvakta og på offshorefartøy i Nordsjøen.

Etterretningsnettverk i Hongkong

Alf «Mamen» Martens Meyer reiste til Hongkong 15. juli 1958 for å byggje opp nettverket under dekke som skipsinspektør. Han får beskjed om å skaffe informasjon frå lukka land som Kina, Vietnam og Nord-Korea. Ei rekkje sjøfolk på norske båtar som gjekk langs kysten av Kina frå 1950 og inn på 70-talet var truleg med på verksemda. I Maritimt Magasin Historie, som kjem ut denne veka, skildrar Evensen korleis han og andre opererte i Hongkong. Han fortel at baren «Mary Olson Bar» var stambaren til norske sjøfolk, men det var meir enn berre ein bar. Fleire av gjestene gjorde meir enn berre å drikke øl og spele poker. Evensen leverte også filmane sine her frå ferdene sine langs kysten av Kina, bilete tekne gjennom lugarventilen.

Ranborg

Roald Evensen vart rekruttert til etterretningsarbeidet, medan han var om bord på skipet Ranborg.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Han vart rekruttert medan han og skipet «Ranborg» låg til kai i Hongkong i august 1968.

– Eg var på «Mary Olson Bar» saman med ein overstyrmann. Han kom i prat med ein kamerat på trelastfarta til Murmansk. Det viste seg at dei to visste litt om fotospionasjen som fann stad. Det kom også ein representant frå eit større norsk selskap og nokre amerikanarar. Me vart forundra over å høyre at det var vanleg at norske sjøfolk tok bileta av hamneanlegg, militære installasjonar og militære fartøy langs kysten av Kina. Det var altså slik eg vart rekruttert.

Teknisk hjelp

Nettverket Meyer bygde opp gjorde til slutt Noreg til ei etterretningsmessig stormakt i Asia med basar i Thailand, Singapore, Saigon, Manila, Yokohama og Hongkong.

Roald Evensen kan ikkje svare på om bileta han tok kom til nytte.

– Det er heilt umogleg å seie om mine bilete kom til nytte, men noko nytte må Noreg ha hatt av det. Noreg fekk mykje teknisk hjelp av USA i denne perioden. Bileta vart byta mot tekniske duppedittar, som me kallar det i dag. Me har nok hatt ei forteneste av det, held han fram.

Statistikk som vart avgradert i 1997 viser at norske sjøfolk leverte over fire tusen fotografi, berre frå oppdraga i austen.

Risikabelt oppdrag

Roald Evensen

Roald Evensen ser på bilete frå tida som sjømann.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Før norske skip fekk legge til i kinesiske hamner kom kinesisk militært personell om bord og forsegla alt av kamera, radioar og anna.

– Ein kunne ligge å vente på kaiplass i fleire månader. Me visste sånn omtrent kvar me kunne finne interessante bilete. Då tok me fram kameraet me hadde gøymt og fotograferte frå lugarventilen. Ein kunne ikkje ta med kamera ut på dekk, for det var vaktar overalt.

Og han kunne bli tatt.

– Me prøvde å skjule kva me dreiv med og klarte mesteparten av tida det. Men det var ein gong eg hadde gøymt kamerautstyr ute i eit masthus, og då eg kom heim ei natt heldt ein stewart og ein messemann på å rote ute i huset. Eg klarte etter kvart å få dei til å forstå at dei ikkje hadde noko der å gjere og fekk låst døra, fortel Evensen.

Roald Evensen

Roald Evensen har mange minner frå tida han segla i Aust-Asia.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ikkje spion

Men han kjende seg aldri som ein spion.

– Det gjorde eg ikkje. Det er ikkje tvil om at me dreiv med fotospionasje, men eg kjende meg aldri som ein spion. Det var eventyrlysta som dreiv meg, understrekar han.

Det gjekk vandrehistorier om nordmenn som vart tekne til fange av kinesarane.

– Det er berre er vandrehistorier, men eg har høyrt om ein hollendar som vart sett i fengsel. Nordmennene vart visstnok berre utvist. Men eg veit ikkje om dette er sant.

Han fortel at han ikkje fekk noko informasjon om kva risiko dei tok.

– Eg trur dei rekna med at me visste det sjølv. Me hadde jo segla på Kina i mange år og visste kva land det var.

Han fortalde ikkje nokon andre om kva han heldt på med.

– Eg snakka aldri om det. Det kan ha vore fleire på same skip som meg også, men det veit eg ikkje noko om.

Viktig del av historia

Maritimt Magasin Historie

Tidlegare sjømann Roald Evensen fortel historia si denne veka i Maritimt Magasin Historie.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Han vel å fortelje si historie av to grunnar.

– Eg meiner det er ein viktig del av norsk maritim historie. I tillegg håpar eg at andre som har vore med på dette tek kontakt, seier han.

Han skreiv historia som blir publisert i Maritimt Magasin denne veka for 20 år sidan.

– Eg har hatt den liggjande. Og det var etter påtrykk frå dei eg valte å publisere den, seier han.

Onsdag heldt han også pressekonferanse i Brattvåg i Møre og Romsdal.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.