NRK Meny
Normal

Her syklar dei seg ein smoothie

– Når ungane får ta i maten og lage den sjølv, smakar dei på mykje meir enn dei ville gjort ved kjøkenbordet, seier Gunn Sjøstad frå Trøndersk matfestival.

Ane Melting og Julie Sagør

SMOOTHIE AV EIGEN KRAFT: Ved hjelp av muskelkraft får Julie Sagør og Ane Melting laga seg smoothie.

Foto: Julie Haugen Egge / NRK

– Det er mange som kjem innom, og som synest det er artig.

Det fortel Julie Sagør i 4H. Ho står på stand under Trøndersk matfestival og hjelper barn som kjem innom for å lage seg ein ekte sykkelsmoothie.

På ein heilt vanleg sykkel har dei laga til ei kraftoverføring frå pedalane opp til ein miksar som er festa på bagasjebrettet. Når ein set seg på sykkelen og byrjar å trø, går miksaren rundt.

Då NRK besøkte standen, bobla i ein burgunderraud smoothie med blåbær, banan og Cultura på bagasjebrettet.

– «Båttå» er ikkje det beste eg har smakt

Ein annan 4H-ar på standen er Ane Melting. Ho jobbar på «båttåposten».

– «Båttå» er flatbrød med smør, potet, spekeskinke og sild. Det er nok ikkje det beste eg har smakt, innrømmer ho.

– Er dette noko som barn likar, då?

– Det er ikkje alle ungane som likar det, men nokre har prøvd, seier ho.

(artikkelen held fram under biletet)

Trøndersk matfestival 2014

SVELER PÅ TAKKA: Både små og store venta på nysteikte sveler på Trøndersk matfestival.

Foto: Kristin Agerlie / NRK

I tillegg til sykkelsmoothie og «båttå», kan ein få steikje seg pizza på varme steinar og lage sveler og syltetøy frå botnen av.

Både Julie og Ane har jobba på Trøndersk matfestival før.

– Det er artig og sosialt, seier jentene i kor.

Vekkjer matinteressa

Gunn Sjøstad synest òg ho har ein artig og sosial jobb. Ho har ansvaret for 4H-standen og fleire andre barneaktivitetar under matfestivalen.

– Det er verkeleg noko i 4H-mottoet «å lære ved å gjere».

4H har «Frå jord til bord» som nasjonalt satsingsområde i år og neste år. Trøndersk matfestival har samarbeida med 4H om dette i fleire år allereie.

– Me har vist at det går an å få ungar interesserte i korleis mat blir laga og kor den kjem frå.

Et yrende folkeliv og lokale matprodusenter setter et livlig preg på Trondheim under Trøndersk matfestival.

Slik var opninga av Trøndersk matfestival.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.